Bygningane 1975 - dags dato
I åra frå 1975 til i dag har NMBU utvikla bygningsmassen slik at universitetet står godt rusta til å handtere framtidige utfordringar, mellom anna med bygging av sentrale bygningar for veterinærmedisin og eit moderne gardsbruk. Dei største utbyggingane i denne perioden har vore Veterinærbygningen, Ås gård og Plantefagbygningen, og Bikuben som knyttar gamal og ny bebygging saman.
Campus Ås består i 2024 av om lag 110 bygningar, på ca. 215 000 kvm. NMBU har også ein campus på Høylandet i Sandnes kommune på 570 dekar med 12 bygningar og 7300 kvm bygningsmasse. Med ansvar for rundt 120 bygningar, kor 18 er freda og fleire er verna, ligg det eit særleg stort ansvar på NMBU for å vedlikehalde, oppgradere og utvikle bygningane, slik at dei kan nyttast optimalt.