Om seksjonen
I 2021 flytta vi inn i topp moderne fasilitetar på Campus Ås, og er samlokaliserte med resten av NMBU. Her kan vi tilby oppstalling og bistand til forsøk med dyr og tilbyr ei rekkje ulike dyremodellar: modellfisk (zebrafisk og medaka), laksefisk, gnagarar og produksjonsdyr.
Vi har lang erfaring og høg kompetanse innan fagområdet forsøksdyr og bistand til forsking. Våre tilsette har bakgrunn som blant anna biologar, veterinærar og dyrepleiarar samt anna teknisk bakgrunn. Seksjonen er ansvarleg for undervisning i forsøksdyrlære for NMBU Veterinærhøgskolens veterinær- og dyrepleiarstudentar, og kan i tillegg tilby opplæring til forskarar.
Ta gjerne kontakt med oss hvis du ønskjer å vite meir om kva vi kan tilby deg og ditt prosjekt.
Vår lab FISH-VET tilbyr avanserte instrument spesifikke for forsking på modellfisk (zebrafisk/medaka) og laks, og gjer mogleg studiar innan blant anna infeksjon, toksikologi og åtferd. Vi tilbyr også opplæringsprogram innan fiskebiologi og tilknytte teknikkar.
laboratorium