Institutt for produksjonsdyrmedisin

prodmed

Institutt for produksjonsdyrmedisin

På Prodmed fokuserer vi særleg på dyrehelse og dyrevelferd i eit breitt perspektiv, gjennom både utdanning og forsking.

Vi underviser veterinærstudentar og dyrepleiestudentar i medisin, kirurgi, buskapsmedisin, dyrevelferd, reproduksjon og reproduksjonsrelaterte sjukdomar, rettslære, rettsmedisin og førebyggande helsearbeid.

Om Prodmed

Prodmed har seks seksjoner:

  • Ambulatorisk klinikk og buskapsmedisin
  • Produksjonsdyrklinikken
  • Eksperimentell biomedisin
  • Småfeforsking og husdyrhelse (i Sandnes)
  • Dyrevelferd, epidemologi og samfunnsmedisin
  • Teknikarteam
  • Ambulatorisk klinikk og buskapsmedisin

    Ved seksjon for ambulatorisk klinikk og buskapsmedisin deltar veterinærstudentar i utgreiingar, diagnostikk og behandling av produksjonsdyr i felt, med rettleiing frå seksjonen sine veterinærar.

    Ambulatorisk klinikk har døgnkontinuerleg drift. 

    Vi har om lag 25 tilsette.

    Vi har ansvar for undervisning i buskapsmedisin, husdyrvelferd, husdyrmiljø, rettslære og rettsmedisin og førebyggande helsearbeid.

    I tillegg driv vi veterinærmedisinsk praksis på produksjonsdyr (og hest) i åtte kommunar i Oslo og Akershus.

    Praksisen er med på å sikre at studentane får eit godt grunnlag for meistring av dei ulike oppgåvene dei vil møte i yrkeslivet som stordyrpraktikarar. I tillegg til verksemda på dagtid har praksisen kvelds- og nattevakt alle dagar i året.

    Det sentrale forskingstemaet ved seksjonen er helse, velferd og produksjon hos dyr i produksjonsmiljø.

    I forskinga blir det brukt data frå mange moglege kjelder: Kliniske feltregistreringar, miljøregistreringar, helse- og produksjonsdata frå husdyrregistera, samt ulike analyseparametrar frå mikrobiologi til patologi og immunologi. I tillegg blir det utført klinisk kontrollerte forsøk.

    dyresjukehuset

    Ambulatorisk klinikk

    Ambulatorisk klinikk er ein del av Veterinærhøgskulen Dyresjukehuset

  • Produksjonsdyrklinikken

    Kvart år tar produksjonsdyrklinikken imot fleire hundre storfe, småfe og gris for innleggelse, diagnostikk og behandling innan eit breitt spekter av sjukdomar. Behandlinga av dyra inngår i undervisninga av veterinærstudentane.

    Produksjonsdyrklinikken har det primære ansvaret for undervisninga i medisin, kirurgi, obstetrikk, reproduksjon og reproduksjonssjukdomar hos produksjonsdyr. Tilbodet vårt gjeld både enkeltpasientar og utgreiing av buskapsproblem.

    Luftvegsinfeksjonar, beinbrot, forgiftingar og problem med forplanting og fødsel er nokre døme på kva vi kan hjelpe til med.

    Det er i prinsippet behandlande veterinær som rekvirerer inn dyr, i nokre tilfelle er det dyreeigar. Hovudhensikta er å få pasientar til undervisning av veterinærstudentar, ofte i kombinasjon med å løyse eit sjukdomsproblem for dyreeigaren og diagnostikk eller hjelp til behandling for den veterinæren som behandlar.

    I klinikken lærer studentane å undersøkje og utrede pasientar for å stille ei så nøyaktig sjukdomsdiagnose som mogleg. Dei lærer dessutan å undersøkje og å behandle for å få optimal fruktbarheit hos produksjonsdyr. Undervisning i å forløysa hunndyr ved fødselsvanskar er også ei sentral oppgåve for klinikken..

    Vi har også eit laboratorium som arbeider med forsking og diagnostikk relatert til hormon og reproduksjon.

    Viktige forskingstema for seksjonen er reproduksjonstoksikologi, infeksjonssjukdomar hos husdyr, klauvsjukdomar, helse hos smågris, sporelement hos drøvtyggarar og reproduksjon hos fisk.

    Studenter og underviser undersøker et lam på Produksjonsdyrklinikken

    dyresjukehusET

    Produksjonsdyrklinikken

    Produksjonsdyrklinikken er en del av Veterinærhøgskulen Dyresjukehuset

  • Seksjon for eksperimentell biomedsin

    Seksjon for eksperimentell biomedisin Seksjon for eksperimentell biomedisin (Eksbio) bidreg til å utvikle høg kompetanse innan eksperimentelle dyre- og fiskemodellar.

    Målet er at verksemda skal bli eit nasjonalt kompetansesenter for undervisning i forsøksdyrlære, og bidra til ei etisk forsvarleg bruk av forsøksdyr.

    Seksjonen underviser veterinær- og dyrepleiarstudentar i forsøksdyrlære, og driv dessutan ei betydeleg etterutdanningsverksemd.

  • Småfeforsking og husdyrehelse

    På Høyland i Sandnes har Prodmed ei avdeling for forsking på småfe og husdyrhelse. Her får veterinærstudentar praktisk innføring i småfesjukdomar og småfepraksis, mellom anna gjennom kurs i lamming og undersøking og obduksjon av sjuke og døde småfe.

    Sandnes har ein eigen forsøksflokk på 180 vinterfôra sauar, isolat for smitteforsøk, samt eit klinisk patologisk laboratorium.

  • SEARCH

    Sandnes Education and Research Center Høyland (SEARCH) ligg ved NMBU Sandnes, i Sandnes kommune.

    SEARCH er eit biomedisinsk forskingssenter der forskarar frå ulike yrkesgrupper innan humanmedisin, veterinærmedisin og tekniske fag (ingeniørar) saman skal generere ny kunnskap, lære av kvarandre og kommersialisere sine forskingsidear ved å utvikle nye diagnostikk- og behandlingsmetodar.

    Universitetet i Stavanger (UiS), Stavanger Universitetssjukehus (SUS) og Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) bidreg økonomisk i prosjektet samt deltek aktivt i arbeidet med realisering av SEARCH-bygget. Byggherre har vore NMBU.

  • Forsking ved Prodmed

    Sentrale forskingstema er helse, velferd og produksjonsnivå hos produksjonsdyr, basert på data frå mange kjelder – som kliniske feltregistreringar, miljøregistreringar og helse- og produksjonsdata.

    Instituttet har høg forskingskompetanse innan smittsame sjukdomar og klauvsjukdomar, samt reproduksjon og førebygging av helseproblem hos gris, drøvtyggarar og fisk.

    Seksjon for eksperimentell biomedisin blir driven som ei serviceavdeling for ekstern forsking, men driv også betydeleg eigen forsking.

    Instituttet er del av eit breitt nasjonalt og internasjonalt fagleg nettverk.

  • Leiergruppa og tilsette ved instituttet

Nyheiter frå Prodmed

Alle nyheiter frå instituttet
Bilder av to kyllinger, en gris, en hest og ei geit

Kunnskapsnotater om dyrevelferd, dyrehelse og mattrygghet

Målet med kunnskapsnotatene er å gi en lett tilgjengelig oversikt over forskning i Norge innen disse temaene hos matproduserende landdyr i perioden 2012-2019.