Institutt for prekliniske fag og patologi

prepat:


Institutt for prekliniske fag og patologi


Forskinga ved Institutt for prekliniske fag fokuserer på helse, velferd, sjukdom og sjukdomsutvikling hos fisk og husdyr.

Vi har eit breitt fagmiljø innan basale og parakliniske veterinærmedisinske fag, med fokus på både grunnleggande og meir anvendt forsking.



Om Prepat

Ved Prepat forskar vi på grunnleggjande fysiologiske mekanismar og sjukdomsutvikling (årsaker og mekanismar) hos husdyr og fisk.

  • Viktige forskingsområde hos Prepat
    • Oppbygging og verknad av immunsystemet hos pattedyr og laksefisk i møte med infeksjonar og miljøfaktorar
    • Grunnleggjande hormonelle mekanismar hos dyr og menneske, studert i modellfisken medaka
    • Biologiske og menneskeskapte faktorar (t.d. stress, parasittar, trening, tidleg livserfaring, kunstig lys) som påverkar åtferd og fysiologi hos ulike fiskemodellar
    • Identifisering av fysiologiske helseindikatorar for optimalisering av lakseoppdrett
    • Hjartefysiologi og -patologi hos laksefisk
    • Prionsjukdommar, som skrantesjuke, virusinfeksjonar og andre sjukdommar i nervesystemet
    • Sjukdommar, motstandskraft og åtferd knytt til gen og mutasjonar hos dyr
    • Bruk av nye og berekraftige fôrmiddel og effekten av desse på dyrevelferd og produksjonseigenskapar hos husdyr, inkludert laksefisk
    • Samanliknande forsking der samarbeid mellom veterinærmedisin og humanmedisin kan gje synergi og bidra til betre behandling
  • Våre faggrupper
  • Diagnostiske analysar og obduksjon

    Faggruppe for klinisk patologi har eit service- og forskingslaboratorium med eit omfattande tilbod av analysar for blodprøver frå mange dyreartar. Prøvene kjem både frå NMBU’s Dyresjukehus og kliniske forskingsmiljø og frå veterinærpraksisar og veterinærmedisinske kliniske forskingsmiljø utanfor NMBU. For meir informasjon, sjå sidene for laboratoriediagnostikk ved Dyresjukehuset.

    Analysar av blodprøver og cytologiske undersøkingar blir utført for eksterne klinikkar og klinikkane ved Veterinærhøgskulen. Det blir også gjort obduksjonar og biopsiundersøkingar frå dyr frå Veterinærhøgskulens klinikkar.

    I tillegg blir det utført genetiske analysar, blant anna med omsyn på sjukdomsgener og farskapstesting.

  • Studier

    Vi bidreg i grunnutdanninga av veterinærar og dyrepleiarar og underviser i fagområda anatomi, biokjemi, fysiologi, immunologi, klinisk patologi, medisinsk genetikk og patologi.

    Videreutdanninga ved Prepat omfattar doktorgradsutdanning innan alle Prepats fagområde og utdanning av europeiske spesialistar (diplomatar) innan fagområda patologi og klinisk patologi.

  • Leiargruppa og tilsette ved Prepat

Nyheiter frå Prepat

Alle nyheiter frå instituttet