SIKT avsluttar abonnement på Wiley

Av Birgit Hvoslef Dahl

Bildet er tatt i de nye veterinærbyningene i forbindelse med rekruttering av studenter til NMBU 2021

SIKT, det statlege forvaltningsorganet som forhandlar med ulike kunnskapsforlag på vegne av UH-sektoren, melder 4. februar at det dessverre ikkje har lykkast å semjast med Wiley om ein ny publiser og les-avtale. Sikt og Sikt sitt forhandlingsråd har derfor avgjort at avtalen ikkje blir vidareført frå 2025.

Tilgang til arkiv, men publisering mot avgift

Arkivrettane held fram. Det betyr at det er lesetilgang til dei av Wiley sine tidsskrift som inngår i pakka, og for dei åra institusjonen har abonnert. For NMBU sin del vil dette antakeleg gjelde for perioden 2006-2024. 

Wiley inneheld 1430 tidsskrifter og det blir gjennomført 104000 nedlastingar frå Wiley sine journalar kvart år ved NMBU. I perioden 2020 til 2024 er det publisert 140 open access artiklar innunder Wiley-avtalen.

Frå 2025 vil ikkje forskarar ved medlemsinstitusjonane kunne nytte avtalen for å publisere artiklar ope utan å betale publiseringsavgift.

Wiley melder at dei vil ta kontakt med medlemsinstitusjonane for å informere om kva for alternativ institusjonane har når det gjeld vidare tilgang til og publisering i Wiley sine tidsskrift

Publisert - Oppdatert

Del på