Jobber både på merdekanten og på kontor

Av Janne Karin Brodin

Tosca Koers på båt
Tosca Koers jobber både på sjøen og på kontorFoto: Privat

Etter end utdanning fekk Tosca Koers jobb som assisterande driftsleder og trivest i den varierte jobben. Moglegheitene for videre avansement er mange.


__________
Tosca Koers
Utdanning: Master i Akvakultur
Jobb: MOWI, Assisterende driftsleder – matfisk
_________

Kan du fortelle om din nåværende jobb?

Som assisterende driftsleder er ein ilag med driftslederen ansvarleg for at driften på matfiskanlegget gjennomføres på ein god og effektiv måte. Med dette sagt skal ein vere litt potet, ein skal kunne bistå med både det administrative, sørge for at utstyret arbeidsplassen trenger er på plass, i tillegg til at ein må kunne utføre det praktiske arbeidet og.

Det eg likar med jobben min er at eg kan vere både på kontor og vere ute på merdkanten. Målet for ein assisterende driftsleder er å seinare kunne bli driftsleder.  Mowi som er eit stort selskap vil kunne by på mange muligheter, der ein kan finne ut kor ein passar inn best, enten på sjøen, på landbaserte anlegg, kontor, koordinering eller forskning.

Hvordan var veien fra videregående til den jobben du har i dag?

Eg har ein bakgrunn fra landbruket, og matproduksjon generelt er noko eg brenn for. På Mo og Øyrane vgs, der eg gjekk agronom, var svaret at det er på NMBU (Ås)  universitetet, ein burde søke. Etter påbygg, søkte eg bachelor i husdyrvitenskap. Denne bacheloren gir ein god forståelse for både husdyr og landbruket. Heimekjær som eg er, ville eg gjerne flytte tilbake til Sunnmøre, og såg min mulighet til det med ein master i akvakultur.

Det er mange emner som eg har hatt særleg godt nytte av. Etologi (dyreatferd), ernæring, berekraftig matproduksjon, internasjonal økonomi, applied aquaculture er nokre av faga som har satt sine spor. I tillegg har eg vore hjelpelærer, og vært med på ein del forskningsprosjekt som ga meg innsikt i sjølve forskermiljøet som er på NMBU. På bacheloren hadde vi ei linjeforening for husdyrvitenskap, og på masteren blei Aqua-student organisasjonen starta opp. Begge desse ga både fagleg input og sosialt samvær for studenter med felles interesse.

Hva kan du si om studentmiljøet på NMBU?

Studentmiljøet på NMBU, vil eg seie er noko for seg sjølv. Alle er veldig inkluderende og du finn alltid nokon som du kan snakke med.

Har du noen råd til kommende studenter?

Personleg er eg veldig glad i NMBU som studiested. Her har eg funnet venner som eg kjem til å ha resten av livet mitt, og bygget relasjoner med andre som kan hjelpe meg vidare på veien. I tillegg har ein så mange forskjellige studier på ein plass, at ein alltid finner emner som interessere. Det er som ein pose godt & blandet, noko for einkvar smak.

Publisert - Oppdatert

Del på