Frå lektor til rektor som 27-åring

Av Silje-Marie Tunes Huse

NMBU alumn Sindre Nyborg ved Sunde Barneskule
NMBU alumn Sindre Nyborg ved Sunde Barneskule Foto: Tommy Normann

Eksisterer det ein undervisningsmodell som får alle elevane med på lasset? Rektor Sindre Nyborg (30) meiner det er fullt mogleg, viss ein byggjer ein solid grunnmur hos alle elevane frå starten av.

I barndommen ønskte Sindre å bli dyrlege som far sin, men igjennom ein oppvekst i ein pedagogisk engasjert heim på Vestlandet enda han opp med å studere lektorutdanninga i realfag ved NMBU. No jobbar han som rektor på Sunde Skule, ein barneskule på vestlandskysten.

Ei leiarstilling med mange ansvarsområde

Vi møter Sindre på kontoret hans ein lett overskya septemberdag. Vêret, konkluderer vi, er så bra som vi kunne håpt på. Han overtok som rektor sommaren 2022, etter å ha jobba som leiar i eit bustadfotofirma i Oslo. Det var historier heimanfrå om korleis vi kan hjelpe dei som slit med skulen, som vekte interessa for formidling og kunnskapsdeling. Når vi spør kvifor han valde Sunde Skule som arbeidsplass, forklarer Sindre at han har ynskt seg tilbake til Vestlandet.

̶   Det var litt einsamt med heimekontor i Oslo. Det å tenkje analytisk og strategisk har vist seg å vere noko eg både synest er kjekt og noko eg er god til. Så ønskte eg å gå tilbake til utdanningssektoren, og vareta kunnskapen eg har opparbeidt meg rundt systematisk omgrepsundervisning.

Jobben som rektor inneber ei fordeling av ulike arbeidsoppgåver. Den viktigaste oppgåva er å skape den beste skuledagen for elevane.

Alumn Sindre Nyborg
Alumn Sindre Nyborg Foto: Tommy Normann

Han passar på at alle får det dei har krav på når det gjeld eit trygt skulemiljø som er tilpassa dei ulike elevane. Som rektor har han i tillegg personalansvar, økonomiansvar og eit overordna pedagogisk ansvar.

̶   Eg er ikkje berre ein leiar for dei tilsette, men også for barna med styrkane og utfordringane sine. Det krev eit tett samarbeid med både familiar og støttetenester i utdanningssektoren.

- Å skape eit godt arbeidsmiljø er ein avgjerande faktor for korleis vi som skule møter elevane våre. Vi må kunne jobbe som eit team og ta dei vanskelege samtalane når vi står overfor utfordringar eller dilemma i arbeidskvardagen. Det er jobben min å leggje til rette for dette.

Men, det beste, seier Sindre, er å kunne bli kjent med så mange i starten av livsløpet deira, og få lov til å vere med å forme dei. Noko han er stolt av, er det dei gjer for å leggje til rette for kunnskap, erfaringar, vennskap og verdiar som gjer elevane i stand til å ta kloke val seinare i livet.

Undervisninga startar på grunna

Sindre er oppteken av at alle barn skal ha høvet til å danne ein solid grunnmur å byggje læring på. Der kjem systematisk omgrepsundervisning etter Magne Nyborg inn.

̶   Når du skal lære eit barn å symje, hiv du det ikkje ut på djupt vatn. Du startar på grunna, og lærer barnet dei grunnleggjande ferdigheitene det treng for å halde seg flytande, før du bevegar deg ut på djupare vatn.

Sindre forklarer vidare at han har erfart at skular i Noreg har eit stort forbetringspotensial når det gjeld å «få alle med» – uansett bakgrunn. Etter fleire år med arbeid som lærar og privatpedagog har han erfart kor viktig det er å starte førebyggjande på ein rett måte. Det er viktig å setje søkjelys på læra om korleis barn og vaksne lærer, seier Sindre. Det er noko han kunne ønskje regjeringa og skular kunne tilrettelagt meir for i skulekvardagen.

Det er viktig med ei eklektisk forståing av læring. Lærarstudentane bør ikkje berre bli presenterte mange ulike pedagogiske retningar. Pedagogikken i grunnutdanninga kan verke lite analysert og heilskapleg om dei ikkje forstår korleis det er vi som menneske lærer.

NMBU alumn Sindre Nyborg
NMBU alumn Sindre Nyborg viser elevene hvordan man regner brøk Foto: Tommy Normann

̶   Mange snakkar om å leggje grunnmuren i barneskulen, men prøv å leggje grunnmur utan verktøy. Det er ikkje så lett. Å kunne tenkje analytisk, kritisk og sjå likskapar og forskjellar, er i utgangspunktet ikkje ei nådegåve eller talent nokon får.

Grunnleggjande omgrep er lagra kunnskap om eigenskapar ved ting og hendingar. Døme på grunnleggjande omgrepssystem er mønster, storleik, form og verdi. Om elevane ikkje har ei klar omgrepsforståing av dei orda som læraren bruker for å forklare, vil dei heller ikkje forstå det som blir forklart. Ved å sikre i skulen at alle elevane får god omgrepsforståing, vil også mange fleire forstå det som blir undervist i skulen, slik at det blir færre som slit i skulen.

̶   Vi må spele på lag med hjernen og byggje opp strukturar som gjer at ein fort ser kva eigenskapar rundt problem og situasjonar ein står overfor som er viktige å ta tak i.

Skreiv læreverk som 24-åring

Sindre hadde ei sentral rolle i å lage eit av dei mest brukte matematikklæreverka for grunnskulen som 24-åring. Det var eit resultat av at han i mastoppgåva analyserte læreverk for 1-2. trinn på barneskulen, og korleis dei var bygt opp.

- Resultatet frå analysen viste at ut frå læreverka er det heilt vilkårleg om barna har omgrepsgrunnlaget på plass for å forstå den abstrakte matematikken. Då er alt avhengig av om du har foreldre som kan hjelpe, gått i rett barnehage eller fått den rette læraren.

̶   Dette ønskte Aschehoug å ta tak i og spurde meg om eg ville skrive den nye versjonen av «Matemagisk 1-4» for fagfornyinga. Prosjektet varte heilt til 2022, og eg lærte utruleg mykje om både korleis utarbeide læreverk, men også korleis vi må tenkje i matematikken for å vere sikre på at barna får med seg det dei treng frå starten av utdanningsløpet. Vi må hugse å gi dei verktøya til å lære matematikken med.

Taksonomi i fjæra er ein slager blant elevane

I tillegg til dei vanlege faga, har Sunde Skule ei lang historie med kystkultur. Det å bruke naturen som læringsarena har vore ein mangeårig praksis. Sindre forklarer at barna blir fortalde om livet langs fjorden, men også om fangst, tillaging av sjømat og manøvrering på båt.

Utsikt over Sunde
  • - Sunde har i mange år hatt ei kystkulturveke, der elevane lærer om livet langs fjorden i gamle dagar, fangst og tillaging av sjømat, og bruk av båt og kano.

̶   Systematisering og klassifisering (taksonomi) av livet i fjæra er også eit vanleg innslag. Vi jobbar no mot eit fast samarbeid med kystkultursenteret på Sunde om bruk av ein gammal seglbåt. Å sjå verdien av ressursane rundt oss er viktig både for bevaring av natur, ressursar og kultur, men også for å rekruttere til lokale arbeidsplassar, slik at fleire vel å jobbe i nærmiljøet.

̶   Til våren ønskjer vi å lage ein skulehage og dyrke våre eigne grønsaker. 5. klasse er i gang med ruging av egg. Vi er heldige som har tilsette med kompetanse på fleire område, og to av dei har også eigen gard med dyr i nærleiken av skulen. Det å gi sansebaserte erfaringar, der eleven lærer direkte igjennom konkrete gjenstandar og opplevingar, aukar forståinga til eleven og gjer det lettare å sjå samanhengar. Derfor er det viktig at elevane møter ord og omgrep igjennom rollespel, miming, leik, uteskule, praktiske aktivitetar, ekskursjonar og turar.

NMBU fostrar initiativtakarar

NMBU er det ster der Sindre utvikla seg mest. Det er trass alt der han budde dei første åra som voksen.

̶   Det var litt som ein smeltedigel – alle budde på same plass (Pentagon) og møttest på same plass (Samfunnet), uansett linje, bakgrunn eller års trinn. Det gjer deg til eit meir ope menneske.

- Her blei heller ingenting til utan at nokon tok initiativ, arrangement, foreiningar, festar og konsept. Derfor trur eg NMBU er eit universitet som fostrar mange initiativtakarar. Ein slik kompetanse i kombinasjon med kjennskapar på tvers av linjer og kunnskapsområde, kan føre mykje bra med seg i seinare arbeid, til dømers gründerbedrifter.

Ein skal kjenna på stoltheit over å vere lærar

Lærarar i dag utfører mange ulike arbeidsoppgåver, som ikkje nødvendigvis berre er å formidle og undervise.

̶   Eg tenkjer at ein lærar skal kjenne like mykje stoltheit som ein lege eller ingeniør. Læraryrket har dessverre eit ufortent dårleg rykte i dag, som gjer at mange av dei vi treng i skulen, går inn i meir populære yrke med betre lønn. Heile framtida vår byggjer på det arbeidet lærarane gjer med neste generasjon. Rekrutteringa går nok i hovudsak sakte fordi arbeidsoppgåvene til læraren har blitt drastisk forandra dei siste åra. Yrket har blitt vatna ut, og utfordringane til barna blitt større.

Det held ikkje berre å vere god i faget og flink til å leggje det fram, ein må også vere ein god klasseleiar, meklar, psykolog, sekretær, vaktmeister, i tillegg til å ha uthald og sjølvtillit i det ein gjer. Du må ta omsyn til både elevar, foreldre og andre instansar.

- Eg trur at vi kan rekruttere fleire ved å skape meistringskjensle blant dei som allereie er lærarar. Det er ikkje berre elevane som treng å oppleve meistringskjensle. Å forstå læringsprosessen betre, slik at ein kan leggje opp undervisning med best mogleg effekt, er viktig både for læraren og elevane. Å vere suveren på sitt fagområde, som for lærarane er å formidle fagkunnskap på ein måte som sikrar at elevane forstår det som blir undervist, vil også styrkje sjølvbiletet til lærarane og respekt i samfunnet. Dette er like viktig som økonomi for å gi læraryrket høgare status. Her har lærarutdanningane ei viktig oppgåve dei må ta inn over seg.

NMBU alumn Sindre Nyborg i klasserommet
NMBU alumn Sindre Nyborg i klasserommet Foto: Tommy Normann

I tillegg vil det vere gunstig å auke grunnbemanninga på skulane, slik vi har gjort, for at pulsen i personalet roar seg. Då skaper vi ein buffer mot å køyre lærarane på felgen.

Dette er viktig fordi lærarane stadig må utvikle seg og lære seg å utføre oppgåver som er langt frå det dei lærte i utdanninga. Dette fordrar at skuleeigarar skjønner nytten av førebygging mot brannsløkking.

Ein siste ting Sindre forklarer når vi pratar om læraryrket og mangelen på studentar, er krav. Han meiner utdanningssektoren bør stille høgare krav for å bli lærar, slik at ein også kan argumentere for høgare lønn blant lærarar.

I tillegg til dette, tenkjer han at regjeringa bør vurdere å introdusere andre yrkesgrupper inn i skulen, som vernepleiarar, psykologar og fagarbeidarar.

̶   Det at lærarar får vere lærarar er nok noko som kan redde yrket.

Publisert - Oppdatert

Del på