Skoggården 1919

Av Kjersti Sørlie Rimer

Skoggården i mars 2022
Skoggården, March 2022Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Skoggården er ein vakker bygning, som ligg vakkert til i Fougnerbakken 21. Få veit kven som har bygd den og kva aktivitetar som har vore der.

Skoggården var Skogforsøksvesenets fyrste bygning. Den blei teikna av arkitekt Ivar Næss og var klar til innflytting 1. oktober 1919. Den bestod av to fulle etasjar der andre etasje var disponert til leilegheit for forsøksleiaren og fyrste etasje bestod av tre kontor for forsøksleiar og kontoristane hans. Bygningen var ei framifrå ramme for Skogforsøksvesenets arbeid dei fyrste åra så lenge personalet berre bestod av 4-5 personar.

Skogforsøksvesenet blei etablert i 1917, skifta namn og slo seg saman med andre i tur og orden. Fyrste endring var til Norsk institutt for skogforsking (NISK), deretter Skogforsk, Norsk institutt for skog og landskap og frå 2015 Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Bemanninga i Skogforsøksvesenet auka og i 1939 blei det, av fondsmidlar, bygt ein eigen bustad til leiaren, slik at 2. etasje blei brukt til kontor. Den nye bustaden har i dag adresse Fougnerbakken 19. Norsk institutt for skogforsking overdrog Fougnerbakken 19 til Studentsamskipnaden i Ås på 1990-talet.

Etter 1954, når all kontorverksemd blei flytt til Høyskoleveien 8, blei Skoggården endra og brukt til bustader for tilsette.

NMBU overtek bruken av Skoggården

I 1986 fekk Norges landbrukshøgskule ta i bruk Skoggården til å huse den nyoppretta avdelinga som blei kalla Noragric, det internasjonale miljø- og utviklingssenteret. Dei satt i gang eit masterprogram, med eit stipendiatprogram (20 stipendiatar per år) som vart støtta av Norad. Stipendiatane blei rekrutterte frå mange ulike land, der Norad hadde aktivitetar. Etter nokon år blei avdelinga flytt til Tivoli og Skoggården blei, i en 10 års periode, bruka av stipendiatar og studentar. Frå 2001/2002 blei det brukt som arbeidsplassar for Senter for husdyrforsøk og lesesalsplassar for studentar som studerte husdyrfag. I ein kort periode var det ein bar i kjellaren, kalla Danskebåten. Denne blei stengd etter diverse klagar på rot og støy og hendingar av til dels alvorleg karakter.

Dagens status

Skoggården blir forvalta av NMBU. Sida 2010 har NMBU leigt ut til Studentsamskipnaden i Ås for bruk til studentbustader.

Kjelder: Lars Helge Frivold, Pål Magnus Løken, Arnljot Mehl, Sveinar Skjevdahl.

Publisert - Oppdatert

Del på