NMBU tilstades under klimaforhandlingane

Av Tuva Todnem Lund

Forskar Meley Mekonen Rannestad med skog i bakgrunnen.
Forskar Meley Mekonen Rannestad reiser til Dubai for å vere tilstades under klimaforhandlingane.


Denne veka startar FNs klimatoppmøte (COP28) i Dubai. NMBU sender fleire forskarar for å vere tilstades under forhandlingane. Meley Mekonen Rannestad er ein av dei.
-          Det gir meg håp at fleire unge no tar kampen, seier ho.

Denne veka samlast avgjerdstakarar og maktpersonar frå heile verda til dei 28. klimaforhandlingane (COP 28), som i år finn stad i Dubai. NMBU har hatt observatørstatus på FNs klimatoppmøte sidan 2016. Også i år sender vi forskarar for å vere tilstades under forhandlingane og for å bidra med oppdatert kunnskap. No pakkar Meley Mekonen Rannestad kofferten, klar for å vere tilstades under forhandlingane som observatør for tredje gong. Frå NMBU deltar også Arild Angelsen, to andre forskarar frå NMBU og masterstudent Thea Birgitte Erdfjord, som reiser igjennom ungdomsorganisasjonen SPIRE.

Utanriksminister Espen Barth Eide i ivrig samtale med Siri Fjellheim frå september.   ¦
Utanriksminister Espen Barth Eide vil delta i klimaforhandlingane. Her frå samtale med rektor Siri Fjellheim, frå han besøkte NMBU i september.

Meley beskriv glimt av håp i forkant av forhandlingane i år. Igjennom forskinga si har ho kontakt med fleire internasjonale forskarar, spesielt frå øst- Afrika, som er området ho fokuserer på i forskinga si. Ho fortel at avgjerder i denne regionen i stor grad ta bak lukka dører, og at folk flest har hatt dårleg tilgang til å påverke utfallet av forhandlingane. Dei siste åra ser ho derimot at det er fleire og fleire unge frå regionen som tar del i diskusjonane, og utfordrar styringsmaktene i eigne land. Ho beskriv dette som ein positiv trend, som gir håp for framtida.

Det gir meg håp at unge tar kampen, og utfordrar styresmaktene,

seier ho.
På biletet ser vi ein tropisk skog, Desa'a fôrest, som ligg i Etiopia.
Bilete frå eit av områda Mekonen Rannestad har forska i, Desa'a fôrest, som ligg nord i Ethiopia.

Mekonen Rannestad har låge forventningar til utfallet av klimaforhandlingane i år, men er klar på kva som må til for å lukkast. Til dagleg leiar ho eit forskingsprosjekt om konfliktane rundt å bevare regnskog på bekostning av jordas fattigaste.  Ho meiner det er for lett for politikarar å ta val som i for stor grad basere på synsing, og at forskarar må vere meir aktive med å bidra med innsikt og faktum.

Eit av dei store temaa som skal opp også i år er «erstatning for tap og skade». Dette handlar om at fattige land som taper og mister ressursar som konsekvens av klimaendringane, skal få erstatning og oppreising for dette. Meley fortel at landa tidlegare har vore for usamde til å klare å bli samde om ei ordning for erstatning. Ho håper dei i år kan einast om prioriteringar. Masterstudent Thea Birgitte Erdfjord reiser ned som ein del av den norske delegasjonen, og skriv masteroppgåve om erstatning for tap og skade ved NMBU til våren.

Forsker

Mekonen Rannestad er glad det er fleire unge som no tar plass og får høve til å påverke styresmaktene- frå heile verda.Foto: NMB

Fokusområdet til Mekonen Rannestad er Øst- Afrika, og ho forskar spesielt på land som Etiopia, Tanzania, Uganda og Zambia. I desse landa er rundt 80 prosent av lokalbefolkninga avhengig av tropiske skogsområde til å dekkje primære behov, som tilgang på ved til fyring og mat. På grunn av politiske mål om å bevare regnskog, fortel Meley at dette ikkje sjeldan går ut over tilgangen til lokalbefolkninga på skogane.

Viss du vil gjere ei ordentleg endring, må du adressere dei faktiske problema, som er fossil energi. Å dytte problem over på jordas fattige fungerer ikkje,

seier ho engasjert, berre få dagar før avreise.

Meley brenn for samanhengen mellom berekraftsmåla, og viktigheita av å jobbe for enkeltmål utan at det går på bekostning av andre mål. Som døme trekkjer ho fram mål 13, om å stoppe klimaendringane. Ho fortel om korleis enkelte land har brukt mål om å stoppe klimaendringane til å legitimere både uforholdsmessig makt, og å halde grupper menneske unna skogane.

Vi har berre validert politikaranes eigen agenda- vi må vere meir kritiske. Vi burde seie noko om det- vi (forskere) må rapportere og påverke,

seier ho om eiga rolle i forkant av forhandlingane.

Trass i eit dystert bakteppe, vel Meley å halde fram med å vere optimistisk.

Eg tenkjer vi burde vere håpefulle, viss ikkje vi er det sluttar vi å kjempe. Så ja, eg vel å håpe.


Avsluttar ho med eit smil.

Publisert - Oppdatert

Del på