NMBU-parken har eit mangfald som kjem mange til gode, mens utvalde treng han spesielt godt. Professor i hagehistorie delar nokre synspunkt med parksjefen.
Tre er ein viktig faktor i menneska sine liv. Anten fordi dei gjev skygge og svalar, dannar Co2 til oksygen, gjev gode inntekter eller skuggar for sol og utsikt. Parktre er spesielt viktige og er nok i mange parkbrukarar sine hovud ein konstant. Ein konstant som skal stå til evig tid. Dessverre er ikkje verkelegheita slik. Trea si levetid avheng av art, vekstforhold og helsetilstand. Det er mange sjukdommar òg i trea si verd. Noko som er med på å skapa parkar som vert fortare utdaterte enn planlagt.
Søyleeikene som forsvann og sto opp att.
I åra mellom 2003 og 2008 døyde ei etter ei av dei fire søyleeikene ved Løvehovudfontena, grunna Honningsoppåtak. I eit par år mangla NMBU fire søyleeiker, frå og med mai 2010 var fire nye staute søyleeiker i sirkel rundt Løvehovudefontena på plass igjen.
Hagehistorieprofessor Jørgensen er glad for at tre som er ein del av eit symmetrisk anlegg blir planta på nytt, der det dør ut. Han synest plana om å planta alle fire på ein gong er ei god plan i dette tilfellet.
Parksjef Thor Johansen fortel at professor Ole Billing Hansen ved BIOVIT (Institutt for plante og miljøvitskap) (IPM), råda NMBU til å kjøpa inn fire Qercus Fastigiate ’koster’. Det er fire eiker som er klona, slik at dei skal ha mest mogleg like forutsetningar for at veksten skal vera symmetrisk.
Johansen håper at desse skal stå lenge og vel. For å betra moglegheitene for effektiv grasskjøtsel omkring eikene råda Phd-student og parkrådsmedlem Bjørn Anders Fredriksen (også hagehistorikar) parkeinheita til justert plassering av trea i forhold til Olav L. Moens opprinnelege plan med seks søyleeiker.
Historisk tilbakeblikk
Løvehovudfontena
Tårnbygninga vart sett opp tidleg på 1920 talet. I det høvet vart det teikna ei ny parkplan. Moens plan har nemninga ”Parkplan av 1924”. Ein reknar med at i anlegget ved Løvehovudfontena vart dei seks søyleeikene planta rundt 1930. To eiker forsvann ganske raskt og dei fire siste levde i mesta 70 år.
Professor Karsten Jørgensen vedLANDSAM (Institutt for landskapsplanlegging) (ILP) kan fortelja at det var planlagd ei rik staudebeplanting ved dammen, det var grus istadenfor singel på gangstiane og anlegget var omkransa av hekkar på langsidene. Dette skapte ei mykje tydelegare ro enn i dag. Parksjefen fortel vidare at dagens staudesortiment er sett saman for å kunna blomstra gjennom heile sesongen samtidig som dei er lettstelte. Professoren seier seg einig.
Anlegg på storplena
I Moens plan var det også eit stor kvadratisk staudebed mellom speildammen og trapp opp mot tårnbygget. Her var plantene planta i symmetriske former, dei spegla heile anlegget på storplena. Alt var stort sett symmetrisk. Trappeanlegget og terrassen mot Cirkus var eit viktig merke på Hisch-statuen si side av speildammen. Dette skapte ein naturleg overgang til trappa som fører opp til Cirkus.
Karsten Jørgensen ønskjer at dette anlegget(Hirsch-trappa) igjen blir sett opp.
Parksjef Thor Johansen har ønskje om eit anlegg, men kanskje med ei form og eit forløp som kjem dagens ferdselsmønster betre i møte enn det opprinnelege trappeanlegget. Det er altså to utfordringar her. Det eine er å skaffa midlar til eit slikt anlegg. Det andre er å verta enige om korleis anlegget skal sjå ut. På 1920 talet gjekk anlegget frå å vera romantisk med sirkelforma rosebed med oppsatsar og pynt, til ei meir straumlinjeforma og symmetrisk nyklassisisme.
Brukarane og parkeanlegget fortener ei oppgradering av slitte delar, andre element som er forsvunne bør erstattast. Det står att å finna ut korleis anlegget vil verta sjåande ut dersom det vert sett av midlar.
Parkrådet
I tillegg til å være ein sosial møteplass, turområde og attraksjon for tilsette, studentar, Ås-buarar og besøkande, er NMBU-parken eit nyttig og viktig laboratorium for enkelte studentar og tilsette. LANDSAM (ILP) - studentane brukar dette til å læra om planter, dei skal læra å sjå former og moglegheiter for anlegg.
Studentane frå BIOVIT (IPM) brukar anlegget i plantelære og studentane frå MINA (Institutt for naturforvaltning (INA) brukar Svanedammen og skogsområda. Sidan parken brukast i undervisinga er institutta representert i parkrådet. Rådet tek opp saker som har vital betydning for parkstrukturen, historiske element, planteval og anna som kan ha betydning for undervisinga. Mens Moen var instituttleder ved Institutt for hagekunst var han også parksjef. Så tette band er det ikkje no, men parksjefen og hagehistorieprofessoren er klare på at det framleis er gjensidig utnytting av kompetanse. Dei meiner at dagens samarbeidsform er både god og riktig.
Kan parken bli enda betre
Professor Karsten Jørgensen er klar i sine ønsker og har umiddelbart fire kjappe svar. Delar av planlegging av desse prosjekta kan vera prosjektoppgåver i undervisinga, seier han.
- Nytt trappeanlegg på storplena (Hirsch-trappa).
- Etablera staudebedet mellom Tårn og Speildammen igjen.
- Rosehagen ved Skog og Landskap og fellesbygget må verta lagt om til nye bed og grusgangar tilpassa rosestorleikar og typar.
- Svanedammen må forsterkast rundt kantane, strandbredda har flytta seg 5-6 meter frå det opprinnelege. Ho bør takast tilbake til opprinneleg storleik og trea rundt dammen bør skiftast ut.
Parksjefen har mange ønskjer, men få midlar. Sidan vi innleda med tre kan han fortelja at parkavdelinga vinteren 2010 har registrert alle tre i den sentrale delen av parken. Med utgangspunkt i dette skal det verta laga ei detaljert trepleieplan. Det som kjem først på lista er askene rundt Svanedammen som lir av Askeskuddsyken. Ei utskifting tvingar seg fram, og i så tilfelle kan eit av ønska til Jørgensen bli ein realitet.
Til Jørgensens andre forslag applauderer han, og har samtidig ei bøn om at nokon sender meir pengar.