NMBU sitt viktigste bidrag til et bærekraftig miljø er gjennom utdanning av kandidater, forskning og formidling. Samtidig vil vi gjennom driften belaste miljøet minst mulig.
Miljømål
NMBU sitt viktigaste bidrag til betre miljø er gjennom utdanning av kandidatar, forsking, formidling og innovasjon. NMBU skal vere internasjonalt i forskingsfronten og utdanne kandidatar godt rusta til å bidra til ei berekraftig framtid.
NMBU vil belaste miljøet minst mogleg og miljøomsyn skal integrerast i drift av verksemda. NMBU skal jobbe for å bli klimanøytral og skape positive miljøeffektar gjennom aktiv arealforvaltning.
NMBU skal
- Gjere miljøperspektivet framståande i fagleg verksemd og bidra med forskingsbasert miljøkompetanse til samfunnet
- Utdanne miljømedvitne kandidatar med kunnskap til å løyse framtidas utfordringar og vidareutvikle studietilbod i miljørelaterte emne for kandidat- og etterutdanning
- Skape miljømedvit blant tilsette og studentar
- Vise aktsemd på feltarbeid og ekskursjonar i sårbar natur
- Redusere avfallsmengder og leggje til rette for gjenbruk av ressursar
- Leggje til rette for at tilsette og studentar vel miljøvenleg transport til og frå NMBU på jobb- og studiereisar.
- Stille miljøkrav til leverandørar av varer og tenester
- Minimalisere forureina utslepp til jord, vatn og luft
- Dokumentere og vere open om miljøsaker
- Redusere energi- og vassforbruk, og i størst mogleg grad bruke fornybare energikjelder
- Arbeide kontinuerleg for å ta i bruk dei mest miljøvenlege løysingane
- Skape positive miljøeffektar gjennom aktiv arealforvaltning
- Leggje til rette for biologisk mangfald på eigedomane til NMBU
- Lage klimarekneskap på utvalde område og konkretisere mål og tiltak på basis av dette
Miljøhandlingsplan
Involvering, kommunikasjon og dokumentasjon
Sirkulær økonomi
Bygg, klima og energi
Miljøvennlig transport
Uteareal
Miljøårsrapport 2023
Klimaregnskap
Du kan se NMBUs klimaregnskap for 2022 og 2023 her. Regnskapet viser klimatall for 2022 og 2023 med markedsbasert med lokasjonsbasert elektrisitet. Markedsbasert viser til europeisk strømmiks. Lokasjonsbasert er koblet til utslipp knyttet til produksjon innenfor et spesifikt område. Norsk strøm regnes her som tilnærmet utslippsfri. Du kan velge både lokasjons- og markedsbasert på klimapartnere sin portal.