NMBU si akvaforsking svært synleg på Havbruk 2024

Av Kristine Welde Tranås og Janne Karin Brodin

Fiskehelse
Foto: Mattilsynet

– Det viser kor sentralt plassert vi er akvaforskinga i Noreg, seier førsteamanuensis Trond M. Kortner.

Konferansen Havbruk 2024 vart halden i Tromsø 22. – 24. oktober. I år var det heile 15 innlegg frå forskarar ved NMBU.

– Dette er den viktigaste havbruksplattformen i Noreg, og vi var det universitetet med flest foredrag i år. Det er imponerande og viser kor sentralt plassert vi er i akvaforskinga i Noreg, seier førsteamanuensis Trond M. Kortner.

Attraktiv forsking

Havbruk-konferansen blir arrangert annakvart år og er eit samarbeid mellom Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF) og Noregs forskningsråd. Konferansen samlar forskarar, sjømatnæringa, forvaltninga og politikarar.

Målet med konferansen er at den skal bidra til kunnskapsbasert utvikling av ei berekraftig havbruksnæring.

– Det at vi får stille med så mange bidrag viser at vi er veldig aktive og at vi driv med ein attraktiv kombinasjon av grunnleggjande og anvendy akvaforsking som blir lagt merke til av næringa, seier Kortner.

Breitt publikum

I tillegg til forskingsforedrag var det mellom anna debattar om kystsonekonfliktar, regelverk og næringas omdømme.

– Konferansen viser fram heilskapen i havbruksnæringa, og det er ein god arena både for å få vist fram forskinga og kompetansen vår til eit breitt publikum og for å møte nye kontaktar og moglege samarbeidspartnerar, seier Kortner.

– Skal vere best på helse

Han synes det er særleg gledeleg at NMBU Veterinærhøgskulen fekk markert seg som sterke på fiskehelse.

– Når du ser titlane på foredraga, ser du kor mangfaldig forskinga vår er, men helse, velferd og dødelegheit går igjen som ein raud tråd gjennom dei fleste presentasjonane. Det er bra at vi får vist fram både tyngda og breidda vår på dette området, for det skal vi vere best på ved Veterinærhøgskulen.

Genetikk er viktig

Genetikken er ein viktig nøkkel til å forstå dei biologiske problema i laksenæringa, og Fakultet for biovitskap ved NMBU bidro med tre genetikkforedrag på Havbruk.

Biovit-forskinga som blei lagt fram, dekka svært ulike problemstillingar, som for eksempel korleis vi kan erstatte dyreforsøk med forsøk på lakseceller, og korleis vi kan bruke molekylære markørar til å vite når laksen er klar for sjøvatn.

─ Klarer vi å anvende denne forskinga på ein god måte, vil det betre fiskevelferda og øke berekrafta i næringa, seier Simen Rød Sandve, som er professor i genetikk ved NMBU.

Under finner du ein oversikt over kven som deltok frå NMBU. Trykker du på lenkjene, kjem du til samandrag av innlegga.

Foredrag ved NMBU-forskarar på Havbruk 2024

Behov for mikronæringsstoffer og motstandsdyktighet mot smittsomme sykdommer hos laks
Trond Kortner, førsteamanuensis, Veterinærhøgskolen, Faggruppe for ernæring og helse

Skinn som løsner fra laksefilet.
Eunice Boahemaa-Kobil, overingeniør, BIOVIT, Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap

Støy som mulig stressfaktor og velferdsutfordring i oppdrettsnæringen.
Marco Vindas, førsteamanuensis, Veterinærhøgskolen, Faggruppe for biokjemi og fysiologi

Gressproteiner til laks i ferskvann: Effekt på fiskevekst, fôrutnyttelse, fiskevelferd og farge
Turid Mørkøre, professor, BIOVIT, Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap

Vil mRNA-LNP vaksiner være effektive i laks.
Lars Ole Sti Dahl, stipendiat, Veterinærhøgskolen, Faggruppe for virologi

Genuttrykk fra 3000 gjellebiopsier i ferskvann gir ny innsikt i markører for vekst og dødelighet i sjø hos Atlantisk laks.
Simen Sandve, professor, BIOVIT, Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap

Randomisert ko-habitant forsøksdesign med kontinuerlige kameraregistreringer for evaluering av tiltak mot sår.
Arnfinn Aunsmo, professor II, Veterinærhøgskolen, Seksjon for dyrevelferd, epidemiologi og samfunnsmedisin

Laksens genetikk påvirker mangfoldet av mikrobielle organismer og metabolske funksjoner i tarmen.
Cathrine Brekke, forsker, BIOVIT, Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap

Molekylære analyser av PMCV infeksjon.
Espen Rimstad, professor, Veterinærhøgskolen, Faggruppe for virologi

Binding av PRV til røde blodceller: En nøkkelfaktor i utvikling av HSMB?
Øystein Wessel, forsker, Veterinærhøgskolen, Faggruppe for virologi

Dødsårsaker hos norsk oppdrettslaks etter mekanisk avlusning.
Nanna Kristine Ringstad, stipendiat, Veterinærhøgskolen, Seksjon for dyrevelferd, epidemiologi og samfunnsmedisin

Karakterisering av «inneklemt tarm» hos oppdrettstorsk.
Guro Løkka, forsker, Veterinærhøgskolen, Faggruppe for ernæring og helse

Effekten av ulike lysregimer i smoltifiseringsprosessen på laksens helse og prestasjon gjennom settefiskfasen og videre ut i sjø.
Alexander Figenschou, stipendiat, Veterinærhøgskolen, Seksjon for dyrevelferd, epidemiologi og samfunnsmedisin

Salmonid alphavirus akkumulerer spesifikke delesjonsvarianter av genomet som kan ha betydning for begrensning av infeksjon.
Fabian Kropp, stipendiat, Veterinærhøgskolen, Faggruppe for akvamedisin

Høyoppløselig struktur av T13-kapsidet til IPNV – den infeksiøse viruspartikkel.
Amr Gamil, forsker, Veterinærhøgskolen, Faggruppe for akvamedisin

Publisert - Oppdatert

Del på