Isbreane voks raskt då klimaet var kaldare

Av Cathrine Glosli

Icebergs from the glacier.
Icebergs from the glacier. Foto: Danni Pearce

Ein av Grønland sin største isbrear voks raskt i tidlegare periodar då klimaet var kaldare.

Isbrear endrar seg i takt med klimaet, og dei er viktige indikatorar på klimaendringar. Desse endringane, som vekst, reduksjon og fysisk utbreiing, gir forskarane målbare bevis på endringar i temperatur og nedbør. Ny forsking viser at ein av Grønlands største isbrear auka raskt i periodar då det globale klimaet var mykje kjøligare.

Verdas nest største ismasse

Grønlandsisen er klodens nest største ismasse, og dersom klimaet blir varmare og isen smeltar, vil han bidra til eit betydeleg auka havnivå.

– Å forstå Grønlandsisens utbreiing i eit historisk perspektiv, både periodar med vekst og tilbaketrekking, er avgjerande for å kunna validera klimamodellar som spår framtidig isdekke, seier førsteamanuensis Danni Pearce ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Pearce og kollegaene hennar har studert utviklinga til Kangiata Nunaata Sermia (KNS) - den største tidevassbreen på sørvest-Grønland.

I motsetning til isbrear som berre er på land, så strekker tidevassbrear seg heilt til sjø eller hav. Der kan dei kalva og bryta opp til isfjell.

Overlooking the iceberg covered fjord from where the margins of Akullersuup Sermia (left) and Kangiata Nunaata Sermia (right) were located in the 1920s (10 km from the current ice margin). While the Norse were in Greenland these glaciers merged and ultima
Overlooking the iceberg covered fjord from where the margins of Akullersuup Sermia (left) and Kangiata Nunaata Sermia (right) were located in the 1920s (10 km from the current ice margin). While the Norse were in Greenland these glaciers merged and ultimately advanced another 13 km beyond this point. Foto: James Lea

Kva skjer når det blir kaldare?

Vanlegvis rapporterer media dystre nyheiter om isbrear som minskar. Pearce kommenterer at det ikkje er så rart, sett i ljos av dagens situasjon.

– Vi er i ein periode kvar klimaet blir varmare, og då dokumenterer forskarane gjerne at ismassane trekker seg tilbake.

Men historisk sett har det globale klimaet veksla mellom varmare og kaldare periodar.

– For å få eit komplett bilde, må vi vita korleis isbreane reagerer når klimaet blir kaldare. For å få det til rekonstruerer vi den historiske geometrien til isbreen, forklarer ho.

Komplisert puslespel

Å rekonstruera gamal isbre-geometri kan vera svært vanskeleg, fordi breen vanlegvis øydelegg eller omarbeider alt i sin veg når den rører seg framover. Forskarane gjennomførte fleire feltsesongar på Grønland, og reiste til fots til avsidesliggande stader. Mange av desse områda hadde ikkje vorte besøkte sidan 1930-talet, førre gang forskarar prøvde å registrera KNS-breens bevegelsar.

Voksar i same tempo

Forskarane fann at i løpet av 1200- og 1300-talet avanserte KNS-breen minst 15 kilometer, med ein fart på omtrent 115 meter per år. Denne framgangen er samanliknbar med tilbaketrekkinga til isbreane dei siste 200 åra.

– Dette indikerer at når klimaet er kjøligare, så kan isbrear veksa like raskt som dei trekker seg tilbake, forklarer Pearce.

Isbreen nådde si maksimale utstrekkinga under den vesle istida, rundt år 1761. Vekstperioden kulminerte med eit totalt framsteg på rundt 20 km. Sidan den gong har breen trekt seg tilbake omtrent 23 kilometer til den noverande posisjonen.

A Norse storehouse in Austmannadalen which would have been used to keep fish, meat and trading goods.
A Norse storehouse in Austmannadalen which would have been used to keep fish, meat and trading goods. Foto: Danni Pearce

På bonden si dørstokk

Perioden då breen var på frammarsj samanfall med då nordbuane budde på Grønland. Ein gang i løpet av 1000-talet busette islandske vikingar seg på Grønlands sørvestlege kyst. Etterkommarane deira, ofte kalla nordbuane, budde der i omtrent 500 år, før dei forsvann rundt år 1450-1500. På sitt største voks breen innanfor berre 5 km frå ein nordbu-gard.

– Sjølv om breen kom raskt nedover fjorden, så det ikkje ut til å påverka nordbuane, noko vi fann uvanleg, sa Pearce.

Liknar ikkje på landskapet i fortida

I dag er fjorden fylt med isfjell, noko som gjer vanskeleggjer tilgang med båt.

– Vi veit frå historiske rekonstruksjonar at det har vore slik dei siste 200 år medan isbreen har trekt seg tilbake.

Det ville gjort livet veldig upraktisk for dei som budde der då. Kvifor tvinga ikkje isbreen og alle isfjella i fjorden dei til å flytta? Forskarane har grubla over denne problemstillinga. Dei konkluderte med at for at KNS-breen skulle klara å rykka fram 115 meter per år, så måtte han «halda på isen». Dermed kunne han ikkje ha produsert mange isfjell.

– Vi trur at fjorden så veldig forskjellig ut då enn det han gjer no. Det må ha vore færre isfjell. Dette kan ha gitt nordbuane langt enklare tilgang til område for jordbruk, jakt og fiska, forklarer Pearce.

Resultata viser at periodar med kaldare klima endrar isbreanes kalving og produksjon av isfjell. I desse periodane kan veksten til isbreen vera like raskt som den noverande retretten.

– Han viser òg kor motstandsdyktige Grøndlands nordbuar var overfor dei endra miljøforholda. Ein slik tilpassing kan gi oss håp om endringane vi står overfor i løpet av i dei kommande åra.

Fakta

Referanse:

Pearce et al. 2022. Greenland tidewater glacier advanced rapidly during era of Norse Settlement. Geology 50 (6): 704–709.

Publisert - Oppdatert

Del på