Innlegg: Smutthol er dårleg nytt for skattemoralen

Finansdepartementet
FinansdepartementetFoto: Tiril Eid Barland

Skattepolitikk basert på naive modellar er ei gåvepakke til dei som vil utnytte regelverket og unngå å betale skatt, skriv Annette Alstadsæter.

I ein kronikk i Dagens Næringsliv skriv Skatteforsk-leiar Annette Alstadsæter om korleis skatteforsking kan bidra til å avdekke utilsikta konsekvensar ved skattesystemet. 

Verda er meir komplisert enn ho ser ut frå skrivebordet – og litt for ofte også frå forelesingssalane, skriv Alstadsæter. Avisene er fulle av døme på at økonomisk politikk må ta hensyn til meir enn det som kan samanfattast i enkle økonomiske modellar, om det så er utfordringane rundt aksjonærskatt og fritaksmodell, innføring av lakseskatt med tilhøyrande normprisar, og ikkje minst Sveits-utflyttarar.

Når resultata av skattereglane ikkje blir slik ein har tenkt, så påverkar dette realøkonomien og fordelinga av byrder og gode mellom skatteytarar. Dette kan igjen føre til redusert skattemoral, svekking av skattesystemets legitimitet og utarming av den underliggande samfunnskontrakten.

Selskap og enkeltpersonar har blitt meir sofistikerte i å omgå skattereglane med både lovlege og ulovlege middel. Det vi treng meir informasjon om er kven som gjer dette, korleis dei gjer det, og kva konsekvensane av dette er.

Skatteforsk, som nyleg fekk ei stor tildeling frå Norges Forskningsråd, skal nettopp bidra med å tette gapet mellom teori og praksis.

Å talfeste og analysere det som er forsøkt skjult er krevande ettersom Skatteetatens detaljerte data omfattar kva som skjer i Norge og er mangelfulle på blant anna kven som eig norsk eigedom. Det er derfor essensielt å finne alternative datakjelder for å kunne fylle ut kvite flekkar på kartet, særleg når skatteparadis er involvert.

I tillegg til å talfeste er det viktig å vite kva konsekvensane er utover de tapte skatteinntektene. Når bedrifter endrar åtferd for å redusere skatterekninga si, kan dette få konsekvensar for andre delar av verksemda, frå løna de betaler, til viljen i å investere i korrupte regime eller grøn teknologi.

Ved å koble saman informasjon om korleis skattetilpassing skjer og kven som deltar i dette, så kan ein utvikle verktøy til å motverke uønska åtferd og utvikle handlekraftig politikk.

Det er viktig å ha heile verdikjeda med når ein vil innføre nye ordningar. På vegen frå økonomiske prinsipp til faktisk implementering av regelverk kan det opnast for smutthol som gjev utilsikta tilpassingar, slik vi har sett mange døme på i det siste.

Politikarane vil bli overraska av utilsikta konsekvensar og praktiske utfordringar igjen og igjen viss dei faglege råda baserer seg på ein for snever bruk av økonomifaget.

Les heile kronikken her.

Fakta

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på