4300 skogforskarar har vedtatt å styrkje skogane i verda

Av Cathrine Glosli

Bildet er skogbeplantning langs Eldorveien på Ås

Verdas skogforskarar er enige om at skogen sin motstandsevne og rolle i klimatilpasninga må styrkast.

Erklæringa har fått tittelen «Skog og samfunn mot 2050» og vart vedteke i førre veke under IUFRO-kongressen, ein av verdas største kongressar for skogforskning som vart arrangert i Stockholm denne gongen. Om lag 4300 deltakarar frå meir enn 100 ulike land var samla. NMBU var med på å arrangere kongressen.

Klimaendringar, tap av biologisk mangfald, miljøforureining og aukande sosial urettferd er blant dei mest alvorlege krisene verda står overfor i dag. Å takle desse samanvevde krisene krev resolutte og rettferdige handlingar om samarbeid på tvers av nasjonar og institusjonar.

Stockholmserklæringa samanfattar sentrale tema for å sikra at skogøkosystema overlever og for velferd for menneske, verda over. Det trengst handling på alle nivå for å sikre god livskvalitet for menneske.

Hovudpunkta i Stockholmserklæringa er å:

  • Styrke skogens resiliens og klimatilpassing
  • Oppretthalde og betre den sosial verdien som skogane har for berekraftige samfunn
  • Utvide rolla som skogar og produkt frå skogen har i ein ansvarleg sirkulær bioøkonomi som bidreg til økonomisk utvikling, livsopphald, demping av klimaendringar og avkarbonisering av økonomiske aktivitetar
  • Omform skogvitskapane for framtida

Du kan lesa heile erklæringa på IUFRO sine sider her.

Publisert - Oppdatert

Del på