Science avslørar at store samfunnsøktører bruker skatteparadis for å dekke over investeringar i miljøskadelege verksemder. Skatteforsk’s Gabriel Zucman og Annette Alstadsæter er blant dei som er intervjua i saka.
I artikkelen “At arm's length” dykker den prisbelønte journalisten Charles Piller ned i forskningsverdas dobbeltmoral.
I mange land finst det store stiftelser som deler ut pengar til allmennyttige formål, som forskning.
Ved å analysere informasjon frå Panama Papers dokumenterer Piller mellom anna at stiftelsar som gir store summar til forskning på bærekraft, helse og miljøvern samtidig får store inntekter frå investeringar i miljøskadeleg verksemd.
Desse investeringane skjer i ly av hemmelighaldet ein får i skatteparadis, slik at dei ikkje utan vidare kan knyttast til stiftelsane. Piller anslår at sju av dei største private forskningsstiftelsane investerer 50 milliardar kroner via skatteparadis.
Les heile artikkelen i Science her:
http://science.sciencemag.org/content/362/6419/1100
Fakta
Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.