institutt for matematikk
Institutt for matematikk har ansvaret for undervisinga av NMBU sine matematikkemne.
Instituttet har ikkje eit eige studieprogram, men betener alle studieprogramma ved REALTEK med matematisk kompetanse, særleg på undervisingssida.
Susanne Solem, Ole Løseth Elvetun og Bjørn Fredrik Nielsen forskar på teorien for partielle differensiallikningar og inverse problem. Typiske bruksområde er innanfor medisin, som elektrokardiogram (EKG.), meir generell hjartemodellering og elektroencefalografi (EEG).
Geir Bogfjellmo, John Wyller og Arkadi Ponossov jobbar med å vidareutvikle den matematiske teorien for dynamiske system. Dette arbeidet blir brukte blant anna i nevrovitenskap og i teorien for populasjonsdynamikk, eit område der ein bruker matematiske modellar for å studere variasjonar innanfor ein populasjon over tid.