Artsmangfaldet i skogane våre er truga av ei omvendt eldrebølge.
Av Gaute Eiterjord. Denne teksten er publisert i Nationen 14. juli 2024 Skog, Utrydningstruet | Opp frå dei daude)
Ut av tåka reiste det seg ein svær kjempe, krokete og med lange sølvgrå armar. Eit furutre på fleire hundre år, daud og levande på same tid ettersom fleire av greinene var barklause og grå. Men delane av treet som for lengst hadde produsert sine siste barnåler var like fullt dekt med liv: Den gulgrøne ulvelaven lyste mot oss og låg som eit stort teppe over dei gamle greinene. Namnet har han frå den giftige vulpinsyra han inneheld, og at han frå gamalt av blei brukt til å forgifta rovdyr. Vulpinsyra syt òg for den skingrande neonfargen, som gjer at han er lett å sjå på lang avstand.
Her, øvst i Gudbrandsdalen – kor me var på tur etter sjeldne lavartar på gamle furutre – var ulvelaven svært talrik. Andre stader er han blitt sjeldan, fordi livsmiljøet han veks i – dei gamle sølvgrå trea – er blitt mangelvare. I likskap med mange andre artar i gammalskogen er han raudlista. Skogen inneheld flest raudlista artar i Noreg, og svært mange er avhengig av daud ved – om det er stokkar som ligg på bakken, knekte høgstubbar eller ståande tre som har mista nåler og bark, men som like fullt kan vera fulle av anna liv.
Vidare har artane ulik preferanse på typen daud ved, til dømes kva treslag stokken stammar ifrå, eller kor nedbrote den er. Somme liker bartre, andre lauvtre. Somme kjem tidleg på harde stokkar og nyleg avgåtte tre, andre først seint når veden er morken og mjuk og knaser under støvelen din. Eit daudt tre er ikkje berre eit daudt tre, men eit stort spekter av mat og leveområde for mangfaldet av fuglar, insekt, sopp, mose, lav og andre organismar som lever i skogen. Daud ved dannar grunnlag for liv og samhandlingar mellom artar, mange som me truleg ikkje har oppdaga ennå.
Måten å driva skogbruk på det siste århundret har gitt ein heilt annan skogstruktur enn det ein finn i ein naturleg skog, ikkje minst gjennom at mengda daud ved berre er ein brøkdel av det ein går ut frå er det naturlege nivået. I tillegg manglar den nemnde variasjonen i daudveden. Riktig nok har mengda daud ved auka sidan starten av 1900-talet, men det var òg då eit historisk botnpunkt etter hard hogst gjennom 1800-talet. Litt som at det ikkje hjelper at du var flink til å spara pengar sist månad, om bankkontoen din var tom då du starta.
Som ei speglvending av eldrebølga som Noreg står overfor manglar skogen dei gamle, og det er ikkje akkurat gjort i ei handvending å få dei tilbake. Frå ein storm eller eit sopp- eller insektåtak får eit tre til å gå over ende vil det gå gjennom mange forskjellige nedbrytingsstadium – og mange forskjellige artssamfunn – før veden til slutt er jord. Desse prosessane føregår med ein mykje lengre tidshorisont enn eit menneskeliv eller omløpstida til eit skogbestand.
Skal me sikra ein stor del av dei truga artane i skog er det derfor avgjerande at me tar vare på områda som ennå har naturskogspreg og mykje daud ved. Då må me først vita kor dei finst. Etter eit forskaropprop tidlegare i år kunngjorde regjeringa at Miljødirektoratet i løpet av neste år skal ha utarbeidd oppdaterte kart over gammal skog som ikkje er flatehogd. Det er eit svært viktig og etterlengta tiltak for å sikra kunnskap om skogen vår og gi ei betre forvaltning.
Denne sommaren er det òg sett i gang eit stort forskingsprosjekt som heiter BioDivAbove, som kan bidra til dette. Saman med skogeigarar og miljøorganisasjonar skal Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Universitetet i Oslo bruka nye metodar for kartlegga artsmangfald i skog. På ein neste 300 kvadratkilometer stor skogeigedom i Hurdal blir artsmangfaldet av sopp, insekt og vegetasjon kartlagt svært nøyaktig med DNA-prøvar, naturtypekartlegging og målingar av daud ved. Ved å kombinera desse bakkemålingane med fjernmålingsdata frå fly er målet å betre kunne vita kor den viktigaste skogen er. Det kan gi ein meir effektiv bruk av samfunnets ressursar til å kartlegga og ta vare på den viktigaste skogen vår.
Feltarbeidet i prosjektet involverer ein god del orienteringsløp i bratte, sumpete, og krattfulle skogsområde for å finna og tømma insektfeller og måla daud ved. Saman med andre feltarbeidarar i prosjektet har eg tidvis irritert meg over mengdene mygg, knott som dukkar opp på forsøksfelta våre når me er ute for å gjera målingar. For ikkje å snakka om det å navigera seg gjennom – og gjera målingar på – haugevis med granstokkar (med stikkete greiner) som ligg innfiltra som eit mikado-spel. Til gjengjeld er denne «roteskogen» det som gir opphav til ein stor og viktig del av naturarven vår, og artar som har brukt millionar av år på å tilpassa seg og finna sin nisjé i intrikate økosystem som me ennå veit lite om – og som det absolutt er verdt å ta vare på.