Med hjelp av matematiske modellar kan forskarar spare bruk av forsøksdyr.
– Med matematiske modellar kan vi først rekne ut kva resultat som er mest sannsynlege, og så kan vi gå vidare og gjere dyreforsøk med dei mest lovande fôrblandingane. Slik sparar vi forsøksdyr og får meir kunnskap ut av kvart dyr. Om tjue år er det neppe lov å gjere dyreforsøk utan at hypotesane på førehand er prøvde ut med matematiske modellar, seier forskar Jon Olav Vik til bladet Genialt.
Oppdrettslaksen er først ut, og skal vere gjenstand for forsøk i prosjektet som er kalla «den digitale laksen». Lakseoppdrett skapar verdiar for mange milliardar kroner årleg og er ein av Norges viktigaste eksportnæringar. Oppdrettslaks får i dag berre ein tredel av fôret sitt frå havet, medan resten kjem frå plantar. Gjennom mange år med prøving har forskarane greid å lage fôr med 75% planter, særleg soya. Men laksen er eigentleg kjøttetar og soya aleine gir betennelse i tarmen. For å finne ut kva som hender når laksen et ulike typar fôr, byggjer forskar Jon Olav Vik og kollegane hans ved NMBU - Noregs miljø- og biovitskaplege universitet «den digitale laksen» – ei samling digitale modellar av livsprosessane i oppdrettslaksen.
Kan følgje mange potensielle diettar
Ved hjelp av reknestykke og dataprogram etterliknar dei stoffskiftet, det vil seie korleis laksen bryt ned ingrediensane i fôret og omdannar dei til fiskekjøtt og avfallsstoff.
Systembiologi handlar om å forstå komplekse samspel i biologiske system. I forskningsprosjektet lagar forskarane ei samling matematiske modellar av livsprosessane i laksen, som er eit samspel mellom fôret dei et, gena dei har, celler og hormon og korleis nedbrytinga skjer. Modellen gir innblikk i korleis kroppen kan reagere på mange tenkte diettar, og kan peike på faktorar som kan dempe betennelse eller gi betre fôrutnytting.
– Vi håper å ha ein første modell av stoffskiftet til laksen klar i løpet av 2018, seier Vik.
Eit bibliotek av data
Etter kvart vil forskarane ha eit bibliotek med forskjellige modellar av livsprosessar i kroppen som dei kan sette saman i skreddarsydde datasimuleringar.
– Eit slikt bibliotek vil gjere det mogleg å løyse nye utfordringar raskare, som varmare klima, sjukdomar eller mangel på ein fôringrediens, sier Vik.
– Eg har tru på at oppdrettarar og fôrselskap om ti til tjue år kan mate inn ei liste med fôringrediensar i eit dataprogram saman med næringsinnhaldet og pris, og rekne ut kva som gir mest kjøtt per krone innanfor krava til dyrehelse og kjøttkvalitet. Dermed kan dei fort tilpasse seg når tilbod og pris på ingrediensar svingar, seier Vik.