Tilleggsutdanning for veterinærar frå utlandet
Tilleggsutdanning for veterinærar med utanlandsk utdanning gitt ved Veterinærhøgskulen for å kvalifisere til norsk autorisasjon som veterinær.
NMBU Veterinærhøgskulen har tilbod om tilleggsutdanning for veterinærar med utanlandsk utdanning som ikkje får autorisasjon i Noreg, og har tilpassa opplegget slik at det gi tilstrekkeleg kompetanse for norske forhold. Utdanninga er normert til 2,5 år, og undervisninga går føre seg over fem semester, utgjerande 139,5 studiepoeng (ECTS).
Veterinærutdanning frå EØS-landa er dekt av forskrift 17.12.1993, og veterinærar frå desse landa får vanlegvis autorisasjon i Noreg utan tilleggsutdanning frå NMBU. Det same gjeld veterinærar utdanna frå Sveits, USA, Canada, Australia og New Zealand.
Tilleggsutdanninga for veterinærar med utanlandsk utdanning ved NMBU Veterinærhøgskulen er eit lokalt opptak. I henold til Forskrift for studium ved NMBU § 11.1 gjeld eigne reitningsliner for opptak og rangering av studentar til tilleggsutdanninga av veterinærar med utdanning frå utlandet.
Søknadsfrist til tilleggsutdanninga er 1. mars hvert år.
Studiestart er august same år. Det gjennomføres ikkje opptak til tilleggsutdannelsen ellers i året.
For å bli tatt opp på tilleggsutdanninga må søkar oppfylle alle opptakskrav til utdanninga og dessutan ha sendt inn all dokumentasjon innan søknadsfristen via søknadsweb. Søkarar som ikkje oppfyller opptakskrava innan fristen, vil ikkje bli vurdert. Det er søkar sitt eige ansvar å sørgje for at søknad og vedlegg kjem rettidig fram. Søknader motteke etter søknadsfristen 1.mars, vil ikkje bli vurdert.
Søkarar som starter frå og med høsten 2024 vil bli skikkethetsvurdert.
Søknad og vedlegg via søknadsweb
Spørsmål om tilleggsutdanninga kan rettast til studierettleiarar ved Veterinærhøgskulen og merkes: "Tilleggsutdannelse/tilleggsutdanning Veterinær".