Kommuneplankonferansen 2025 - kva lærte vi?

Av Kåre S. Fuglseth

Den nasjonale kommuneplankonferansen gjekk på Radisson hotell i Bodø.
Den nasjonale kommuneplankonferansen gjekk på Radisson hotell i Bodø. Foto: Shutterstock

Månedens sit-rap er levert av Kåre S. Fuglseth som er vår samarbeidspartner i arbeidet med å forske på hvordan planleggere lærer i sin praksis. Han er professor ved Senter for praktisk kunnskap, Nord universitet.

10. og 11. februar i år var det tid for den nasjonale kommuneplankonferansen arrangert av FKP (Forum for kommunal planlegging). I år vart konferansen halden i Bodø. Med var også representantar frå SITRAP, blant dei to forskarar frå Nord universitet, Senter for praktisk kunnskap (SPK), som observatørar. Då SPK vart spurd om å vere med i SITRAP, visste vi først ikkje heilt kva vi skulle svare. Romleg planlegging er eit yrkesfelt vi ikkje kjenner. Vi hadde drive med forsking på profesjonspraksis meir generelt. 

Men SITRAP ved NMBU er ein SFU, eit senter for framifrå undervisning. Poenget med slike senter er med andre ord først og fremst didaktisk, ein skal styrke undervisninga i ulike typar romleg planlegging. Senter for praktisk kunnskap ved Nord universitet i Bodø er partner i prosjektet. Vi er ikkje eigentleg eit senter for undervisning, men for praksisforsking. I forskinga vår stiller vi spørsmål som: kva skjer i yrkespraksisen, korleis lærer vi der, kva kan erfarne praktikarar og kan dei setje ord på den innsikta dei har slik at andre forstår det? 

No byrjar vi no å forstå litt av denne praksisen hos planleggarane, og dette var andre gongen vi var med ein slik konferanse. Fordelen med å ha med ei gruppe som står litt utanfor praksisen og utdanningane er at vi kanskje kan sjå nye ting, og ved å forske på denne praksisen vil ein i SITRAP få dokumentert det ein på ein måte alt veit. I dette blogginnlegget vil eg peike på tre lærdomar frå konferansen.

1) Denne nasjonale konferansen var oppteken av dei store retningslinene og føresette eigentleg meir praksiskunnskap frå deltakarane. Det var lite av det ein i etisk forsking kallar moralisme («de veit at dette er gale, kvifor gjer det det?»).  Moralisme dukkar gjerne opp når forvaltninga fokuserer på manualar eller enkle handlingsreglar utan å trekkje fram den vurderinga og grunnforståinga som all slik bruk av manualar og handlingsreglar alltid føreset.

2) Eitt av dei tre hovudtema den første dagen var korleis ein sikre at politikarane gjer vedtak på godt nok grunnlag? Særleg interessant er samtalen mellom planleggarane og politikarane. Ordføraren i Steigen i Nordland (ein vellukka lakse-kommune) viste korleis samarbeidet hadde fungert i samband med utbygginga av lakseoppdrettnæringa i kommunen. Temaet «juss og politikk» går igjen i særs mange av dei intervju som er gjort i arbeidspakke 6 i SITRAP (empirisk forsking frå praksisfeltet). Terje Holsen frå NMBU og SITRAP problematiserte dette i eit innlegg ved å spørje om ein skal vere kontrollør eller planleggar. I og med det norske systemet der alle kan sende inn forslag til reguleringsplanar, er det ein tendens til at planleggaren blir kontrollør.

3) Terje Holsen arrangerte òg eit etikk-seminar for planleggarane den første dagen på konferansen. Her skulle dei diskutere eit case i lys av tre overordna omgrep: lojalitet (til kva), tillit (mellom partane i søknadsprosessen) og rolleforståing (korleis ser du på si rolle i planprosessen). Bruk av slike case er ei form for narrativ metodikk som empiri-innsamlinga i arbeidspakke 6 òg har brukt. Poenget er å setje ord på den kompetansen ein får etter mange års erfaring i eit yrke. Refleksjonen over erfaring må vere kritisk og konstruktiv, for det ein har lært seg er ikkje nødvendigvis rett. Vi kan ha blinde flekkar

«Praksis» i fagområdet «praktisk kunnskap» som SPK representerer, knyter seg ikkje berre til erfaringslæring generelt, men òg studiar av dei vurderingane og skjønnet vi gjer i yrkespraksisen. Det handlar om svarevne, om å kunne gjere det rette til rett tid på rett måte. Praktisk kunnskap forstått på denne måten er sentral i alle yrkesutøvinga, inkludert kunstfaga, men ikkje så lett å forske på eller måle. Det kan hende at erfaringskunnskapen lurer oss. Særs mange problemstillingar i praktisk kunnskap er etiske. Men det viser seg at refleksive analysar av erfaringar opnar opp feltet og gjev oss tilgang til nye innsikter.  

Eg tenkjer at skiljet mellom kalkulerande fornuft eller forklaring og forståing og meining er sentral for den som skal vere i praksis og utdanne seg til han, også for den læringa som går føre seg i praksis hos romlege planleggarar i ulike samanhengar. Ideen er at slike innsikter i neste omgang kan førast attende til undervisninga på planleggarutdanningane på Ås og andre stader, på eitt eller anna vis.

Kjelder: Kåre Fuglseth og Catrine T. Halås (red.) Innføring i praktisk kunnskap, Oslo: Universitetsforlaget, 2021.


Månedens Sit-rap:

Siste blogginnlegg

Publisert - Oppdatert

Del på