Ingrid Eikeland - Naturfagsenteret

Av Johanne Høie Kolås

Kvinne står inne i et observatorium
Ingrid Eikeland er utdannet realfagslektor ved NMBU og jobber som førstelektor ved NaturfagssenteretFoto: Privat

Ingrid Eikeland er utdannet realfagslektor fra NMBU. Hun jobber nå ved Naturfagssenteret i Oslo, der hun jobber i ulike prosjekter som skal fremme naturfag.

Hva jobber du med i dag? Hvilke arbeidsoppgaver har du?

Eg jobbar i ulike prosjekt. Hovudprosjektet er Observatoriet, eit bygg frå 1800-talet som nå er eit museum som tek i mot 4. og 7. trinnsklassar frå Osloskulen. I tillegg jobbar eg med Naturoppdraget, eit samarbeid mellom Besøkssentrene i Norge og Naturfagsenteret om å få barnehagar ut på tur. Eg er og bivegleiar for ein stipendiat som forskar på utstillingar i vitensentre.

Hva er det beste/mest spennende med den jobben du har i dag?

Det er at eg kan bruka erfaringane mine frå ulike delar av studieløpet og jobb-eraringa mi, særleg knytte til formidling i alternative læringsarenaer (uterommet, museum og vitensenter).

Hva var veien fra studiene til den jobben du har i dag?

Hovudårsaka er nok at eg tok ein doktorgrad knytte til formidling av kontroversar i vitensenter på NMBU. Men eg har og vore i naturfagdidaktikkmiljøet heilt frå eg starta på lektorprogrammet på NMBU i 2006. Så eg kjenner miljøet godt. Det er eit inkluderande og engasjerande miljø å vera ein del av.

Hvordan bruker du det du lærte i utdanningen din i den jobben du har i dag?

Interessa mi og kunnskapen om formidling i alternative læringsarenaer kjem i all hovudsak frå utdanninga mi på NMBU. Først i lektorprogrammet, der eg og endte med å skriva master om utforskande arbeidsmåtar i uterommet. Og seinare i doktorgraden med fokus på museum og vitensentre.

Hvordan bidrar arbeidsplassen din i arbeidet med bærekraft?

Berekraftfokuset var mykje meir eksplisitt i tidlegare jobbar både på Naturfagsenteret (i Den naturlige skolesekken) og på NMBU (i Universitetsskoleprosjektet). Samstundes er berekraftfokuset noko som ligg som ein verdi i botn. Til dømes ved å vera opptatt av å fremme dialog knytte til kontroversar i vitensenter, der besøkande får moglegheit til å gjera seg opp meiningar og å samtale om dagsaktuelle utfordringar.

Hvorfor bestemte du deg for å studere på NMBU?

Eg valde å studera på NMBU då eg likte profilen til universitetet med fokus på miljø og berekraft.

Hva likte du best ved å studere på NMBU?

Eg likte fleire ting, til dømes den personlege relasjonen eg fekk til dei ansatte på lærarutdanninga. Ein var ikkje berre ein av mange studentar, men vart tett følgt opp og sett. Det var og mykje valfridom knytte til oppgåver og praksis i lærarutdanninga, noko ein gjerne ikkje får på større studieplassar. Så eg kunne i stor grad følgje interessa mi gjennom studieløpet. Fokuset på berekraft, utforskande arbeidsmåtar og alternative læringsarenaer var og noko eg vart inspirert av.

Sosialt sett sette eg pris på at det var lett å bli kjent med studentar på tvers av studiar grunna eit oversikteleg studentmiljø. Og det aktive studentlivet – eg var sjølv særleg engasjert i Sangkoret Lærken.

Hvilke karrieretips har du til andre som vurderer å ta den samme utdannelsen?

Mitt tips vil vera å vera nysgjerrig, open for moglegheiter og å følgje interessa di. Eg er til dømes veldig glad for at eg fekk samarbeide med DNT og Tekna på masteroppgåva mi. Då fekk eg kombinert gleda med naturen, uteundervisning, utforskande arbeismåtar og å dra til heimområdet mitt i same slengen.

Fakta

Ingrid Eikeland

Studieprogram ved NMBU: Lektorutdanning i realfag

År for uteksaminering: 2011

Nåværende arbeidsplass: Førstelektor ved Naturfagssenteret

Andre relevante jobber, utplasseringer, trainee-stillinger eller lignende:

  • Prosjektkoordinator for universitetsskoleprosjektet og stipendiatstilling i UtVite-prosjektet på NMBU
  • Prosjektmedarbeidar i Den naturlige skolesekken på Naturfagsenteret
  • Naturfaglærarutdannar på UiO
  • Naturfaglærar på Eikeli VGS

Publisert - Oppdatert

Del på