Uttale frå NMBUs leiing rundt akademisk boikott

Av Per Christian Langset

Urbygget fotografert med drone sett fra Tårnbygningen.

Leiarteamet til Universitetet (ULT) har drøft dei prinsipielle, etiske og politiske sidene rundt spørsmålet om akademisk boikott.

Det har den siste tida vore ein diskusjon om akademisk boikott av Israel.  Akademisk boikott kan bety å avstå frå samarbeid på ulike nivå, anten det er individuelt, på gruppenivå, institusjonelt eller nasjonalt.

Akkurat no har NMBU ingen bilaterale samarbeidsavtalar med israelske universitet på institusjonsnivå. NMBU deltar igjennom forskere/forskningsgrupper i tre forskingsprosjekt der forskarar frå israelske institusjonar også er involverte, saman med partnarar frå fleire land. Vi er også medlem av ELLS, eit europeisk nettverk for universitet, som inkluderer eit israelsk universitet

Akademisk boikott er eit komplekst spørsmål som bringar opp eit dilemma mellom å handle aktivt mot Israels krigføring i Gaza og å halde oppe akademisk fridom og samarbeid.

Som eit offentleg universitet og akademisk institusjon skal vi hegne om fridom for alle tilsette og studentar, mellom anna til å kunne ytre seg fritt. Den fridommen kan bli avgrensa viss institusjonen sjølve i for stor grad opptrer som politisk aktør.

Samtidig ligg det både etiske prinsipp og tydelege formål til grunn for verksemda. Universitets – og høgskulelova slår fast at formålet vårt mellom anna er å  «bidra til ein miljømessig, sosialt og økonomisk berekraftig utvikling.»

Leiarteamet til Universitetet (ULT) har drøft dei prinsipielle, etiske og politiske sidene rundt dette spørsmålet, og styret er orientert.

NMBU meiner det er viktig å føre ein dialog med både israelske og palestinske forskarar. Internasjonalt forskingssamarbeid og dialog er avgjerande for å skape ei meir berekraftig verd.

NMBUs linje er derfor at vi som institusjon ikkje kan påleggje forskarane våre å unngå samarbeid med enkeltforskarar frå Israel. Dette ville vere eit stort inngrep som bryt med prinsippet om akademisk fridom. Det er ei innskrenking som heller ikkje er pålagd universiteta i den offentlege boikotten av Russland.

NMBU vil derfor heller ikkje påleggje forskarar eller forskargrupper å trekkje seg frå dei forpliktingane det medfører å delta i internasjonale forskingsprosjekt, sjølv om forskarar frå institusjonar i Israel også deltar.

Utover dette ønskjer NMBU på institusjonsnivå ikkje å inngå bilaterale partnarskapsavtalar med israelske institusjonar, gitt dagens situasjon på Gaza der mellom anna dei akademiske institusjonane er lagde i grus.

NMBU deler ei djup fortviling over situasjonen i Gaza, og vi kjenner eit sterkt ansvar for å bidra til gjenoppbygginga av samfunnet. Vi støttar akademikarar frå Gaza igjennom Scholars at Risk-ordningen, og vi skal snart ønskje ein forskar frå Gaza velkomen til NMBU.

Publisert - Oppdatert

Del på