Sommarblomster i parken

Kvar vår planlegg våre parktilsette sommarblomster i parkens bed og krukker. Er du inspirert, og vil prøva sjølv, så har du her fleire artiklar med lister over planter som er brukt.

David Arnott, Camilla Svarverud, Filip Ihrsen og Tomas Høglund viser sommerblomster 2024
David Arnott, Camilla Svarverud, Filip Ihrsen og Tomas Høglund viser sommarblomster 2024. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Sommarblomar 2024

Viftebeda

I 2024 fekk lærling Camilla Svarverud ansvaret for å designe sommarblomstringa i viftebeda ved Storplenen, og ho tok oppgåva på strak arm.

– Camilla har eit naturtalent for dette, seier Filip Ihrsen og legg til at det tek fleire år å lære seg å visualisere skisser og planar ein har på papiret, slik at ein er trygg på at sommarens resultat blir slik ein såg det for seg. Camilla tok dette med ein gong.

– Eg starta med å finne ein fargeskala eg likte og valde plantar frå plantelista som er tilgjengeleg. Deretter sette eg meg ned, såg på bilete og laga skisser. Eg la to sirklar i kvart bed, i desse skulle dei høge plantane stå, og vere omkransa av låge plantar. Imellom felta teikna eg eit hav av oransje blomar i mellomhøgd, fortel Camilla og legg til at det er kult å jobbe på papir og så få sjå det ferdige resultatet.

Camilla hadde mange hjelparar ved utplantinga. Ho teikna opp felta der ulike plantar skulle plantast og styrte med stødig hand arbeidet med å få plantane på rett plass på ein effektiv måte. Ho innrømde at det var ei logistikkutfordring og leiingstrening å få plantane i jorda, men desto meir tilfredsstillande er det og sjå det vakre resultatet. -Det er så inspirerande å skape noko sjølv, smiler ho lurt, og kan ikkje skjule at ho trivst med arbeidet i parken.

Tunbeda

David Arnott er, som alle i parken, oppteken av at vi legg til rette for insekt i val av plantar og skjøtsel av områda. Difor har han valt blomar som gir mat til insekta og sett opp 14 bustadblokker.

– “Bed and breakfast” for insekta er mitt tema. Eg har valt pollineringsvillige artar som er bra for forskjellige typar insekt. Her er blomar for bier, humler, blomsterfluger, sommarfuglar og nattsvermarar. Insekta er ulike, nokre har korte tunger, nokre har lange, nokre er tjukke, nokre er tynne, så då må det også vere ulik form på blomane.

I blomsterhavet er det sett opp kubbar av osp som vart felt på campus då Vannsenteret vart bygd. Her har han bora hol med ulike storleikar, for at ulike insektslag skal slå seg til. Hola er populære hos villbie-variantar som bur åleine (solitære bier). David viser stolt at det er fleire hol som er mura igjen. Det er altså heilt tydeleg at bustadene er i bruk.

David Arnott sjekker om insektsboligene er i bruk, 2024
David Arnott sjekker om insektsboligene er i bruk, 2024 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Ein av målsetjingane med beplantinga er å fortelje folk korleis dei enkelt kan leggje til rette for insekt i sin eigen hage.

– Dette har til dei grader lukkast, seier David lunt. Det er så mange som stoppar og spør oss som jobbar i parken kva dette er, og ber om tips til kva dei sjølv kan gjere. Vi er så glade for interessa og at folk kjem igjen og fortel om sine eigne prosjekt. Vi kan ikkje fortelje nok om kor viktige insekta er, dei er vaktmeistrar som bidreg inn i resirkuleringa av døde plantar, dyr og tre. Dei fungerer som eit slags lim i naturen, dei sikrar pollinering og styrer mange andre artar sitt liv. Det er skremmande at talet på insekt i verda minkar så fort som det gjer.

Sjå plantelista under for å lære kva plantar insekta likar.

Beda ved Urbygningen

Filip Ihrsen komponerte blomane inntil Urbygningen.

– Eg var låst i hovudet og bad Camilla gi meg ei utfordring som kunne gi meg nye tankar og idear. Ho svarte lilla, og då dukka “Craxy purple Crazy” opp i hovudet mitt, gliser Filip. Urbygningen er formell og statisk og hekken rundt er jo heilt symmetrisk. Desse beda treng noko vilt og oppkvikkande. Og det er enkelt å leike seg og vere litt vill ved samansetjing av sommarblomar.

Filip valde blålilla blomar og plantar med blålilla blad. Ein farge som verkar beroligande og sval, og som også er vakker medan den visnar. For å leggje til nokre blomar som stikk seg ut, valde han oransje. Plantane vart sett ned av sesongarbeidarar, dei fekk ingen plan, blomane vart sett ned vilkårleg. Det var så vått i eitt av beda at blomane flaut rundt, og nokre plantar måtte hjelpast på plass då vatnet var vekk.

Filip Ihrsen ved bedene foran Urbygningen 2024
Filip Ihrsen ved bedene foran Urbygningen 2024 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Krukkene

Tomas Høglund har stått for blomstringa i krukkene. Han har samarbeidd med David og brukt mange av dei pollineringsvennlege artane som er brukt på Tunet. Krukkene bind saman årets sommarplanting frå tunet til viftebeda.

I år regna det då sommarblomane vart sette ut. Det er bra for plantane, om enn litt ubehageleg for dei som plantar. Det har vore mykje regn og vind, men blomane har tolt det godt og det har vore lite behov for vatning. Som vanleg strålar parken når studentar og tilsette kjem til campus i august.

Tomas Høglund ved krukkene 2024
Tomas Høglund ved krukkene 2024 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Planteliste 2024

Viftebed                                    

Senecio cineraria ’Cirrus’              

Ipomoea batatas ’Sidekick Black Tone’                   

Helichrysum petiolare ’Golden Leaved’                                   

Pennisetum setaceum ’Rubrum’               

Ipomoea batatas ’Sidekick Black Tone’

Dahlia Mystic ’Fantasy’                

Rudbeckia hirta ’Sahara’                                               

Scabiosa atropurpurea ’Fata Morgana’                 

Cosmos bipinnatus ’Apricotta’                                   

Antirrhinum ’Rocket Bronze’                                       

Dahlia x pinnata ’Waltzing Matlida’                         

Helianthus annuus ’Buttercream’                             

Nicotiana langsdorffii ’Bronze Queen’                    

Cosmos bipinnatus ’Velouette’                                  

Dahla x pinnata ’Belle of Barmera’           

Calibrachoa ‘Neo Orange Red Eye’                           

Coleus Wizard Coral Sunrise                                        

Coleus Wizard Sunset                                                    

Agastache aurantiaca ’Apricot Sprite’                    

Lagurus ovatus                                                                

Calendula officinalis ’Pink Surprise’

Tunet

Lavandula angustifolia ‘Vicenza Blue’                    

Centaurea cyanus ‘Midget Blue’               

Fuchsia hybrida ‘Beacon’                                             

Antirrhinum lav ‘Snappy White’                                

Nicotiana x sanderae ‘Perfume White’                  

Cosmos bipinnatus ‘Sonata Pink’                              

Salvia Sallyfun ‘Mystic Spires’                                    

Borago officinalis                                                            

Daucus carota ‘Dara’                                                     

Verbena bonariensis ‘Finesse’                                   

Cleome spinosa ‘Violet Queen’                                 

Cleome spinosa ‘Sparkler White’                              

UR

Setaria italica ’Red Jewel’                                            

Cleome hassleriana ’Violet Queen’                           

Salvia canariensis ’Lancelot’                                        

Amaranthus cruentus ’Oeschberg’                           

Nicotiana langsdorffii ’Bronze Queen’                    

Eucalyptus cinerea ’Silver Dollar’                               

Centaurea americana ’Rosy Lilac’                             

Scabiosa atropurpurea ’Blue Cockade’                   

Trachelium caeruleum ’Black Knight’                       

Dahlia Mystic Haze                                                         

Verbena bonariensis                                                      

Rudbeckia ’Cherry Brandy’                                          

Scabiosa atropurpurea ’Black Knight’                      

Nicotiana x sanderae ’Perfume Deep Purple’       

Salvia splendens ’Lighthouse Purple’                       

Salvia farinacea ‘Evolution Violet’                            

Krukker                                               

Helichrysum petilare ‘Golden Leaved’                     

Dichondra argentea ‘Silver Falls’                              

Nicotiana sylvestris ‘Only the Lonely’                      

Nicotiana x sanderae ‘Perfume Lime’                     

Nicotiana x sanderae ‘Perfume Deep Purple’       

Petunia super Surfina Sky blue                                 

Gypsophila muralis ‘Gypsy White’                            

Verbena rigida ‘Polaris’                                              

Pelargonium interspecific ‘Marcada Pink’              

Salvia Sallyfun ‘Mystic Spires’                                  

Canna indica ‘Cannova Yellow’                      

Verbena bonariensis ‘Finesse’           

Sommer 2024
Sommar 2024 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

                       

  • Sommerblomster 2023

    Etter årets kalde vår, med sent blomstrende løkplanter, var det nesten så løkene ble dratt opp mens plantene sto i blomst. Ivrige gartnere stod klare til å materialisere vinterens planleggingsarbeid for kollegaer, ansatte, studenter og besøkende. Og vips så var sommerblomstene på plass i sin frodige og fargerike prakt. Vidar Krog Johansen ledet et systematiske arbeid i viftebedene, David Arnott hadde regien ved Ur, mens Filip Ihrsen fylte krukkene og Tunbedene. Disse tre fikk selvfølgelig hjelp av flere, når det gjaldt utplantingen, men det er de som har designet blomstringen for 2023. Fra medio juni spruter det blomster ut av krukker og bed.

    Tunbed i Universitetets park 2023

    Tunbed og krukker


    Filip er ikke vond å be, han viser ivrig rundt og snakker med alle som går forbi. Bare i løpet av et kort intervju er det opp til flere pauser, hvor planteinteresserte forbipasserende utveksler latinske og norske navn på mange vekster. Det er helt tydelig at sommerblomstene betyr mye for Filip og mye for de som bruker parken.
    -I år er det R for romantikk som er tema. Jeg er opptatt av at farger skal stå til omgivelsene forteller han, og at de skal være moderate, behagelige, gi et «laid back» - inntrykk samtidig som de gir fantasien spillerom og virker beroligende.
    -Se murbygningenes vakre lød, samt blodbøkenes mørke tone i Universitetslunden og hos storbøken mot Urbygningen. Det er klart at jeg må ta hensyn til denne innrammingen, forteller han entusiastisk, mens han plukker på flotte gressarter, kunstig gulrot, georginer og mange andre spennende arter. Sommerblomster har mange fine egenskaper, de blomstrer lenge, de har utrolig mange farger og de har blader i mange forskjellige former. Alt dette gjør det utrolig spennende å jobbe med dem. Siden tema er R for romantikk, så er det i år lett vaiende, fargerikt i duse toner, fantasifylt og detaljrikt. Da trenger jeg ikke være så opptatt av eksakte linjer og plasseringer når vi planter, smiler han lurt. Og de som passerer her på tunet, de går eller sykler, da har de tid til å se etter detaljer. Det er altså ikke bortkastet med rundt 20 ulike farger.

    Blomstring i krukker - Filip Ihrsen
    Krukker i full blomst, designet av Filip Ihrsen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

    I krukkene plantet han det som ble til overs av blått og lilla og fylte på med sølvgrå arter. -Vet du at det som er sølvgrått, det trenger mindre vann, spør han fort. Derfor tester jeg ut planter med sølvfarge. Krukkene er små og litt vanskelig å komponere former i, og så må de vannes ofte.
    -Vann er til tider mangelvare i parken. For første gang i år har Tunbedene fått selvvanningsledninger, det blir spennende å se hvordan de virker. Med denne vannemetoden brukes det mindre vann, sier han og vi slipper forhåpentligvis å vanne så mye for hånd.

    Også i år dukket det opp en plante med blomst i annen farge enn bestillingen, men slik er det med frø, de gjør noen ganger som de vil. Uansett så er blomstene vakre og i en romantisk sammenstilling er det alltid rom for forskjellighet. Planten ble med i komposisjonen og ingen kan gjette hvilken plante som kom med feil farge.

    Viftebedene


    Vidar Krog Kristiansen har for første gang ansvaret for viftebedene.
    -Det er utrolig spennende og et stort ansvar å få designe bed, som så mange mennesker kommer for å se, sier han og plukker vekk noen visne blader i bedet. På spørsmål om hva som var inspirasjonen til utformingen svarer han at han har jobbet ved Østfoldmuseene og har tilleggsutdanning innenfor historiske gartnerfag. Det var derfor helt naturlig å dukke ned i historisk bildearkiv, da han i vinter startet planleggingen av bedene.
    På et bilde av Tunet var Agave brukt som fokusplante, dette sammen med inspirasjon fra storeplenen som det nyformalistiske anlegget det er, la grunnlaget for hans oppbyggingen av årets viftebedbeplantning. -Vet du at Agave fra Mexico brukes som en ingrediens ved framstilling av Tequila, spør han fort, og ser seg rundt, som om han er bekymret for at noen skal høste plantene, selv om det ikke blir noe særlig resultat av så liten avling.
    Tydelige linjer, systematisk oppbyggingen og historisk korrekt plantevalg, måtte til for å få til det historiske preget han ønsket å få fram. Når det gjaldt fargevalg tenkte han friere, og valgte farger han likte og som skapte kontraster som framhevet linjene i bedene.

    Viftebedene i universitetets park, 2023
    Viftebedene i universitetes park sommer 2023, designet av Vidar Krog Kristiansen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

    Selve plantingen krevde stor nøyaktighet.
    – Vi måtte finne senter i hvert bed og måle ut og tilpasse hvert bed for seg. De var nemlig ikke helt like. Det ble trukket ut snorer og tegnet opp linjer, før plantene kunne settes i jorden. Vi startet å plante i midten og plantet oss utover.

    Bedene har klare farger, tydelige linjer og gjør seg godt på lang avstand og på nært hold. De er også et vakkert skue for de som kjører forbi. Agaveplantene og Oljeplanten står, eller nærmest svever, i et rede av lysegrå tråder.

    Vidar er fornøyd med bedene og er veldig glad for at han har fått være med å planlegge og gjennomføre dette.
    -Det er flott at ansatte kan få oppgaver utover generell skjøtsel og drift av parkanlegget, det gjør arbeidet enda mer variert og spennende, sier han og gir uttrykk for at han er glad i jobben han har ved NMBU.

    Blomstene har stått fint gjennom sommeren og er på sitt beste i august, selv etter uværet Hans. Om noen uker skal de tas opp, da skal alle bedene måles og kantes på nytt. Opparbeidet erfaringen fra oppmåling med linjer og tråder er da god og ha. Dette arbeidet må være ferdig før utplanting av vårløker settes i gang.


    David Arnott har satt sammen blomstene mellom alperipshekkene ved Urbygningen. Gule farger og florlette blomster og blader skaper fin kontrast til de formklipte hekkene.

    Oversikt over planter som er brukt

    VIFTEBED

    • Begonia semperflorens, Nightlife Deep Rose
    • Calocephalus brownii, Silver
    • Celosia argentea, Sol Gekko Green
    • Ricinus communis, New Zealand Black
    • Salvia argentea, White Birds
    • Salvia splendens, Reddy White Surprise
    • Tagetes patula nana fl.pl., Strawberry Blonde

    TUNET

    • Ageratum, Red Cutting
    • Calistephus chinensis, Chamois Turm
    • Cosmos bipinnatus, Apricotta
    • Dahlia hybrida, Mystic Fantasy
    • Daucus carota, Dara (Vill gulrot)
    • Foeniculum vulgare, Smokey
    • Helianthus annuus, Ms Mars
    • Helichrysum microphyllum, Silver Mist
    • Leonurus sibiricus
    • Nicotiana affinis, Whisper Appleblossom
    • Ocimum x basilicum, Magic Mountain
    • Pennisetum setaceum, Rubrum
    • Phlox drummondii, Creme Brulee Blushing Bride
    • Rudbeckia hirta, Sahara
    • Salvia officinalis, Purpurascens
    • Scabiosa atropurpurea, Fata Morgana
    • Verbena bonariensis, Finesse
    • Verbena rigida, Polaris

    Ur

    • Artisjokk, Vert de Provence
    • Gaura lindheimeri, Belleza Dark Pink
    • Kochia trichophylla, Sommersypress
    • Zinnia elegans, Benary's Giant Golden
  • Sommarblomster 2022

    Tidleg ein solfylt morgon i juli, møtte eg dei tre gartnarane som har planlagt, førebudd og gjennomført sommarutplantinga for 2022. Vi møttes alle fire på tunet. Der sto ein strålande fornøgd nyleg uteksaminert lærling og såg ut over plantene sine.

    David Arnott, som opphavleg kjem frå Sør-Afrika, har gått i lære i park-einheita ved NMBU, har jobba med mange mindre prosjekt både med planting og steinlegging i læreplana si og han sto på avslutningsprøva med glans.

     - Eg er skikkeleg stolt over det eg har gjort, fortel han smilande.

    Tunbeda er ikkje ein del av læreplana, dette er oppgåver han gjer utanom. David har hatt ansvar for løksettinga og for sommarutplantinga på tunet.

     - I fjor var det lyse og varme farger, derfor ønskjer eg kjølegare farger med ein mørkare lød i år, seier han. Eg valte tema «Deep Ocean». Temaet gjekk att både for løkutplantinga og for sommarutplantinga.

    Løkbeplantning tunbedet 2022
    Løkbeplantning tunbedet 2022 Foto: David Arnott

    Blåfargene og dei mørke raudlege tonane, som hentar opp fargenyansar frå blodbøkene ved Vitenparken, er hovudfargene. Når eg høyrde dette, såg eg med ein gong at brennmanetane (Dahlia) svevde over dei andre. Eg fekk plusspoeng for å sjå det, fordi det var tanken bak valet av akkurat desse blomstene.

     - David fortel at han liker å arbeida med blomster og er glad for at han kunne jobba med å planleggja dette når det var heimekontor i haust. No er han glad for å vera tilbake blant folk og blomster og avsluttar med at han er veldig nøgd med resultatet.

    Det har han all grunn til.

    David Arnott ved Tunbedet 2022
    David Arnott ved Tunbedet 2022 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

    Tomas Höglund er forholdsvis ny i parken og har ikkje sett så mange av dei tidlegare sommarutplantingane. Han fekk ansvar for viftebeda på Storplena. Han har også valgt nokre mørke farger og nokre av dei same blomstene, heilt uavhengig av dei andre sine valg.

      - Eg er oppteken av struktur. Eg ønskjer at det skal synes at det er menneskeskapt, seier han og legg til at han er interessert i musikk og har lete seg inspirera av livleg, swingande musikk av Bobby Darin, nemleg Splish Splash.
    Det er lett å sjå med sine vaiande planter, polkatottar, fargeklattar og fart og fres, men alt er i struktur.

    Tomas Höglund ved Viftebedene 2022
    Tomas Höglund ved Viftebedene 2022 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

     - Dette er første gong eg planlegg, reknar på kor mange planter, bestiller og leiar gjennomføringa av plantinga, seier han. Eg er godt fornøgd, sjølv om enkelte planter ikkje er vorte like høge som det sto på vegleiinga og at beda var litt større enn teikninga viste.

    Han kan vera nøgd. Nokre tilfeldige besøkjande med fine bilar, sa åt meg i går: «så fin hage de har her».

    Elin Kruge Storvand har planlagt sommarblomstrar tidlegare. Hennar plan for beda innafor hekkane ved Urbygninga var at det skulle skje minst mogleg. Struktur og fargenyansar som passar til teglsteinane vart valgt. Også her er det valgt mørke farger. Det må vera moderne med mørkeraude, blodbøkliknande farger i år, sidan alle tre har valgt dette, mens dei sat på heimekontor.

    Det er ikkje alle blomstrane som er sprunge ut enno, men gartnaren kan fortelja at i slutten av juli og august er beda på det finaste. Så det er berre å gleda seg til den tida. Imens må gartnerane klippa av visne blomster, luka og pleia alt saman.

     - Vi og insekta svermar rundt desse beda i heile sommar seier dei med eit smil.

    Sommarblomstrane er verdt eit besøk i år også og dei varer lenge.

    Elin Kruge Storevand sammen med kolleger ved bedene ved Urbgyningen 2022
    Elin Kruge Storevand sammen med kolleger ved bedene ved Urbgyningen 2022 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

    Plantelister

    Tunbeda

    • Lavandula angustifolia, Ellagance                                                    
    • Salvia farinacea, Victoria Blue           
    • Coleus solenostemos, Black Dragon 
    • Calocephalus brownii                       
    • Ageratum, Aloha Blue
    • Bidens ferulifolia, Beedance Painted Yellow
    • Salpiglossis sinuata, Royal Purple
    • Monarda bergamo                            
    • Cerinthe major, Purpurascens                 
    • Centaurea cyanus, Blue Boy  
    • Scabiosa atropurpurea, Black Knight                                                             
    • Pennisetum glaucum, Purple Majesty         
    • Dahlia “Hollyhill spiderwoman”                       
    • Dahlia “Tartan”                                            
    • Canna indica, Tropical Scarlet Bronze                
    • Centaurea cyanus, Blue Boy  

    Viftebeda på Storplena

    • Verbena bonaris Finesse
    • Canna indica Cannova Red Shades
    • Calendula officinalis BonBon Orange
    • Lobelia erinus compacta riveria Marine Blue
    • Helianthus annus Ring of Fire
    • Argyranthemum frutescens Grandaisy Pink
    • Salvia farinacea Victoria Blue
    • Lagurus ovatus
    • Hordeum jubatum
    • Tagetes patula nan Disco Yellow
    • Begonia tuberhybrida Nonstop Red
    • Antirrhinum lav Snappy White
    • Perilla frutescens
    • Helianthus debilis Italian White
    • Dahlia hybrida Mystic illusion
    • Leonotis nepetifolia Shrimp Coctail
    • Anthirrhinum Rocket Bronze
    • Echinacea purpurea Primmadonna Deep Rose
    • Colues solenostemos Wixard Coral Sunrise
    • Salvia patens Blue Angel
    • Coleus Wizard Golden
    • Pennisetum glaucum Purple Majesty

    Beda ved Urbygninga sommar 2022

    • Amaranthus paniculatus, Pygmy Torch        
    • Cineraria maritima, Silverdust         
    • Cordyline australis, Purple Tower    
    • Dahlia hybrida, Mystic Dreamer      
    • Dahlia hybrida, Mystic Wonder
  • Sommarblomster 2021
    Veisperring ved Andedammen 2021, "en fraflyttet plass"

    Når tulipanane er avblomstra og tekne opp, er det tid for å plante ut sommarblomane. Heile hausten og vinteren har gartnarane jobba med planlegging og bestilling av planter. Drivne sommarvikarar og gartnarar planta tre viftebed på ein dag, det er ny rekord.

    Det er cirka 700 hundre planter per viftebed. Dei tilsette i parken deler på oppgåvene og hjelper og støttar kvarandre i idé- og planleggingsfasen. Filip Ihrsén koordinerer det heile.

    Viftebeda

    I 2021 har Filip Ihrsén planlagt viftebeda. Han undrast over kvifor vi menneske alltid synest det er så mykje grønare på andre sida av gjerda og valde temaet «On the other side”. Derfor finn de ein «hekk» i beda og planter av ulike karakter på kvar side av den.

    Det er ei rad med bladmynte, som har fått oppgåva å vere hekk. Den skal klippast når den blir noko større. I det eine feltet er det låge planter med duse, metalliske fargar, mens det på andre sida står fargerike, høge, spenstige og vaiande planter. Filip tenkjer at dei kan stå der og vere litt misunnelege på kvarandre heile sommaren. I alle fall kan vi menneske innbille oss at plantene gjer som oss, tenkjer at alt er så mykje betre på andre sida og at dei andre har fått noko vi ønskt oss, men ikkje fekk.

    Tunet

    Elin Kruge Storvand har planlagt blomsterbeda på tunet. Ho har henta inspirasjon frå ei spesiell plantesamansetjing ho såg på ein fagtur til «London og Chealsy flowershow». Vi kan altså seie at vi har henta inn ein herleg miks av fargar og former og køyrer engelsk stil på tunet dette året.

    Ved Urbygningen

    Margrete Brynem planla den luftige og eng-liknande blomstersamlinga i beda ved Urbygningen.

    Krukker/bilsperringar

    I år er det kome eit plante-arrangement, istadenfor mange krukker, ved Vitenparken. Det er John Skogsrud som har planlagt og bygt dette. Han ønskjer å skape eit inntrykkje av eit fråflytt, forfalle hus på prærien eller i fjellet. Ein bygningsruin der naturen har overteke. Han har plukka ut planter som har eit naturleg preg og som kan gi oss tankar om noko romantisk og drøymande, men som også toler ein støyt, sidan dei overtek der menneske har bygt og butt.

    Dei få krukkene som står på campus, har planter som de finn i oversikta.

    Anleggsarbeidet som er gjort i beda rundt viftebeda og blir gjort i beda føre trappene mot storplenen får de høyre meir om i ein annan artikkel. Det er staudar og ikkje sommarblomar som lever og skal leve i desse beda.

  • Sommarblomster 2020
    Sommerblomster tunet juni 2020
    Sommerblomster tunet juni 2020Foto: Kjersti Sørlie Rimer

    Sommaren 2020 vil verta ein sommar vi kjem til å hugsa. Det er sommaren kor Covid-19 vart introdusert. Gartnarane hadde planlagd og bestilt sommarblomstane lenge før dette viruset var kjend for folk flest. Korona er garantert ikkje tema for blomsterbeda.

    2020 vart ein vår kor turar i nærmiljøet fekk ein oppsving og ein sommar kor alle skulle feriera i Noreg. Dette har gjeve mange høve til å sjå NMBUs park vakna til liv og endra seg igjennom våren og sommaren sine ulike blomstringar. Sjølv om universitetet vart stengd og studentar og tilsette heldt seg heime, har mange turgangarar og besøkande i parken hatt gleda av at parken vart heldt på vanleg måte. Og det ikkje minst ein viktig velkomst, når studentane vender tilbake i august.

    Også i år delte gartnarane på å komponera, planleggja og organisera utplanting. Filip Ihrsén, Ole-August Zakariassen og Margrethe Brynem har hatt kvar sine bed. Tunet, viftebeda på storplena og framom Urbygninga.

    Filip Ihrsén hadde ansvaret for bedet på tunet. Der kom det opp fargerike stolpar rett etter at vakre, men ferdigblomstra tulipanar var fjerna. Nokre dagar seinare kom sommarblomstane. På ein augneblink kunne det verta konstatert at det var heilt perfekte fargekombinasjonar. Dei sterke fargane på stolpane var heilt eksakt i takt med blomane sine fargar. Det kan virka som det er mogleg å tinga planter etter fargekode.

    Filip fortel at tema for plantinga på tunet er ‘Healthy Breakfast’. Han har sett for seg ein gedigen frukostbuffé på eit luksushotell, ein eller annan staden i Asia. Der det bognar av masse frukt og grønt og mengder av spiselege ting, som ein aldri har sett før.

    Ole-August har gjeve viftebedet eit innslag av spiselege vekstar. Der finn du mellom anna grøn kål, grøn raudkål, blomkål, physalis og raudbete saman med «solide» og staute planter. Han har vridd litt på stilen sin og lagt opp til eit litt meir røft og stødig uttrykk. Dette er ein kontrast til hans tidlegare bed som har vore rosa, kvite og blå og med det litt sukkersøte, seier han med eit smil.

    Margrethe fekk ei utfordring av Filip før ho starta planlegginga. Ho skulle bruka andre farger enn ho pleier. Dette vart følgt opp og ho fortel ivrig at tema for sommarblomane framom Ur er «Sirkelen er sluttet». Dette bedet er vigd tanken på at Veterinærhøgskulen og Veterinærinstituttet endeleg skulle samlast geografisk saman med resten av NMBU. Når bedet vart planlagd visste ein ikkje at flyttinga skulle verta forseinka. Vi får håpa at nokon av dei som skal til Ås i løpet av hausten 2020 rekk innom parken før blomane visnar og vert fjerna.

    Krukkene bognar som vanleg av farger og blomster. Lista med arter finn de under.

    Sommaren 2020 er det året kor starten på det nye parkdraget syner seg i full prakt. NMBU sette ned på tusenvis av staudar attom Urbygninga i fjor. Dei er vel verdt eit besøk i år. Resten av parkdraget tek til å ta form, inkludert plassering av kunstverk og den geologiske samlinga. Førebels er anlegget nærare Nordskogen ikkje like grønt og frodig.

    Alle kan rådast til å ta ein runde i parken på Campus. Det er ei lise for sjela. Sjå etter om du finn ein bognande asiatisk frukost, eit røft spiseleg bed, nokre nye kunstgjenstandar, fine steinar eller om du ser at ringen er slutta, men hugs: La plantene stå i fred.

    Plantelister per bed:

    Tunet                 

    •               Ageratum houstanianum 'Aloa Blue
    •               Ipomoea Sidekick lime
    •               Nemesia Plus Blood Orange
    •               Coleus s Wizard Golden
    •               Heliotropium Arborescens 'Marine'
    •               Coleus s Wizard Coral Sunrise
    •               Nicotiana x sandere 'Perfume Lime'
    •               Rudbeckia hirta 'Prairie Sun'
    •               Agastache foenicum 'Golde Jubilee'
    •               Tagetes erecta 'Vanilla'
    •               Amaranthus caudats 'Viridis'
    •               Dahlia hybrida Mysitc Fantasy
    •               Nicotiana langsdorfii 'Lemon Tree'
    •               Foenicum vulgare 'Smokey'
    •               Antirrhinum majus Rocket Bronze
    •               Limonium Qis Dark Blue
    •               Cardiospermum halicacabum
    •               Cobaea scandes 'Purple'

    Viftebed                          

    •               Amaranthus caudatus 'Red'
    •               Amaranthus caudatus 'Viridis'
    •               Argyranthemum frutescens 'Maxie'
    •               Beta vulgaris 'Bulls Blood'
    •               Brassica oleracea 'Nero di Toscana'
    •               Cineraria maritima 'New look
    •               Cobaea scandens
    •               Coleus solenostemon 'Black Dragon'
    •               Cosmos atrosanguineus
    •               Eucalyptus globus 'Silverdollar'
    •               Luzula Lucius
    •               Nicotiana sylvestris 'Only the Lonely'
    •               Osteospermum ecklonis akila 'White purple'
    •               Physalis peruviana
    •               Rosenkål 'Maximus'
    •               Rød grønkål 'Redbor'
    •               Salpiglossis sinuata 'Royal purple'
    •               Scabiosa atropurpurea 'Black Knight'
    •               Zinnia marylandica 'Zahara double Fire'
    •               Zinnia marylandica 'Zahara double Fire'
    •               Salvia farinacea 'Vicoria'

    Bed framom Urbygninga             

    •               Verbena bonariensis
    •               Eucalyptus globolus
    •               Gaura lindeimerii Dark Pink
    •               Gaura lindheimerii White
    •               Scabiosa atropurpurea 'Black Knight'
    •               Antirrhinum Sonnet Pink
    •               Antirrhinum majus Rocket White
    •               Salvia viridis Pink sundae
    •               Daucus Carota 'Dara'
    •               Pennisetum villosum
    •               Senesio sineraria
    •               Euphorbia gramminea Glitz
    •               Rudbeckia hirta Cherry Brandy
    •               Cobaea scandens Purple
    •               Cardiospermum halicacbum

    Krukker             

    •               Eucalyptus globulus
    •               Coreopsis grandoflora 'Sunfire'
    •               Gaura lindheimerii White
    •               Antirrhinum sonnet Pink
    •               Verbena rigida polaris
    •               Euphorbia graminea Glitz
    •               Daucus carota
    •               Sanvitalia Million suns
    •               Antirrhinum sonnet White
    •               Gaura lindheimerii Dark Pink
    •               Lagurus ovatus
    •               Senescio cineraria
    •               Saliva viridis Pink Sundae
  • Sommarblomster 2019
    Tunbedet 2019 - august
    Tunbedet 2019 - augustFoto: Kjersti Sørlie Rimer

    Gartnerane ved NMBU deler på oppgåver og kunnskap. I år har tre stykker komponert kvar sine bed med sommarblomster. Elin Kruge Storvand, Ole August Zakariassen og Filip Ihrsén har alle stått for planlegging, bestillingslister og koordinering av utplantinga.

    Dei tre pratar villig om sine tanker rundt arbeidet. Filip er han med lengst erfaring og den som held mest i trådane, men han har gjeve dei to nytilsette fri tøym. Dei har alle tre planlagt kvar for seg.

    Hoppar i det

    Elin er nytilsett og har sin første heile sesong i parken. Ho fekk ansvaret for beda ved Urbygninga (på storplensida av Urbygninga). Ho sto heilt fritt til å bestemma alt sjølv. Det vart opplevd som litt skremmande, men også veldig gøy, seier ho og legg til at det er superlettvint å gå til Filip og spørja og enda enklare å få svar. Ho ville laga ein fargeklatt, inspirert av ei blomstereng. Det skulle verta eit matfat for insekt i kanten av Urbygninga sine veggar. Det har ho lykkas med. Det er som ei fargerik dropsblanding omkransa av hekk. Ho er fornøgd, men vart litt stressa av at det kom litt andre planter enn bestilt. Og eg fekk vita om det veldig seint, seier ho med lett bekymra rynker i panna.

    Sommarblomster – ei levande bestilling

    Det er ei utfordring kvart år, at frø slår feil, småplanter vert angripne av sjukdommar. Dette gjer at leverandøren må finna andre løysingar. Vi må leva med det seier Filip, det er levande organismar vi arbeider med, det kan slå feil. Han seier også at det er få som leverer planter i det omfang og den kvalitet som universitetet etterspør. Han meiner vi har fått til ein god dialog med leverandøren vi har rammeavtale med, og at det vert jobba for å minska talet på overraskingar og sikra tidleg tilbakemelding når bestillinga ikkje heilt kan innfri. Utfordringa er at leverandøren også oppdagar dette seint. Men sjå på resultatet seier han, det vart jo "jettefint".

    Det viftar i viftebeda

    Ole August har vore lærling ved NMBU og har hatt oppgåva med å komponera sommarblomstbed tidlegare. Han fekk ansvaret for viftebeda, også han hadde eng som inspirasjon. Tilfeldigheit sett i system var hans motto. Han valde ein naturleg fargekoloritt og eit svevande inntrykk. Ut ifrå dette vart plantene bestilt. For å sikra at det vart vilkårleg fekk dei som skulle planta ut plantene nesten fritt spelerom. Derfor er ikkje viftebeda heilt like. Eg fekk for mange kvite blomster, da det gjekk feil med noko hos leverandøren, og klatreplanta vart bytta ut, så alt er altså ikkje heilt som eg planla, sukkar han, men er stolt over blomsterfloret som vaiar i vinden.

    Det er 100årsjubileum for hageutdanninga i år og solsikker er planta rundt omkring i ulike bed. Dette er lagt på etter at «komponistenes» planer var ferdige.

    Sommarblomster er mer enn pynt

    Sommarblomstringa er ein del av undervisinga, derfor vert det bruka ein del sikre artar, men det vert lagt opp til trendy blomstring. Filip er oppteken av at det kvart år skal prøvast ut noko nytt, noko som ein ikkje veit helt korleis ter seg. Filip har komponert tunbeda og rektanglene ved speildammen ved Storplena. Han bestilte også planter til krukkene. Krukker som det i år er riktig mange av, fordi det er bestilt nye som ikkje skal gå i stykker når dei vert flytta på eller blir påkjøyrd av bilar.

    Når det gjeld krukkene fekk sommarvikarane frie hender til å planta resten av sommarblomstene akkurat slik dei ønska i krukkene. Det skal verta nemnd at ein av blomane kom som gul – noko som ikkje var bestilt. Det gjer ingenting, krukkene bugnar av overflod.

    Metall og Krystall

    Filip planlegg og komponerer ut ifrå eit tema, han må det, seier han, for å setta ein liten brems på den kreative delen av hjernen. Han legg entusiastisk til at tunet er eit fantastisk område kor terrakottafarga murstein saman med blodbøk og blodlønn skaper ei utruleg vakker ramme. Årets tema vart Metall og Krystall. Fargepaletten åt metall vart funnen fram og forma skulle minna om rimfrost og isroser som i krystall. Dei som har følgt bedet gjennom sommaren ser at det endrer seg frå veke til veke. Klatrestativa, som Filip snekra i vinter, vert stadig meir overgrodd og blomster i alle former og farger stikk ut både her og der. Vakkert er det. I dette bedet er det to trendy nykommarar, det er Rudbeckia ‘Sahara’ og Pentas lanceolate ‘Nothern Lights Lavender’.

    Tradisjon og historie

    Ved speildammen var det jubileet som var inspirasjonen. Her henta han fram ein gamal tradisjon som dei på svensk kallar «Tapetgrupp». Det vil seia at det vert planta låge vekstar i ruter og mønstre og dette vert ofte kanta inn av sommarblomster som skal verta formklipte gjennom sommaren. I tillegg må einkvar hageeigar, med respekt for seg sjølv, ha nokre skryteblomster. Dette har ofte vore palmer. Slik òg ved NMBU.

    Nok ein gong er parkens sommarblomster med på å gjera skuleveg, veg til kontoret, turveg og leikeområde til ei lise for sjel og auge. Det grønne universitetet er fargerikt og vakkert.

    Planteliste

    Viftebed

    • Dolichos lablab ‘Ruby Moon’
    • Hordeum jubatum
    • Lagurus ovatus
    • Briza maxima
    • Nasella tenuissima
    • Orlaya grandiflora
    • Ammi majus ‘Snowflace’
    • Gaura lindheimeri
    • Tanacetum parthenium
    • Cosmos ‘Gazebo White’
    • Trachymene coerulea
    • Verbena bonariensis ‘Lolipop’
    • Scabiosa atropurpurea ‘Oxford Blue’
    • Nigella damascene
    • Centaurea cyanus (en blå)
    • Cosmos bipinnatus ‘Sweet Kisses’
    • Escholzia californica
    • Calendula offinicalis ‘Neon’
    • Emilia Coccinea
    • solsikker

    Tunet

    • Dolichos lablab ‘Ruby Moon’
    • Ipomoea purpurea ‘Dolce Vita’
    • Eucalyptus cinerea ‘Silver Dollar’
    • Dahlia Mystic Dreamer
    • Plectranthus argenthatus ‘Silver Shield’
    • Nicotiana Whisper Appelblossom
    • Hibiscus acetosella ‘Red Shield’
    • Amaranthus cruenthus ‘Oeschberg’
    • Verbena rigida ´Santos´
    • Gaura lindheimerii ‘Lollipop Pink’
    • Rudbeckia ‘Sahara’
    • Cynara cardunculus ‘Violet De Provence’
    • Pennisetum setaceum ‘Rubrum’
    • Cerinthe major ‘Purpurascens’
    • Scabiosa atropurpurea ‘Oxford Blue’
    • Salvia officinalis ‘Tricolor’
    • Euphorbia ‘Diamond Frost’
    • Pottenellik Capitan Diaz
    • Hordeum jubatum
    • Salvia argentea
    • Pentas lanceolate Nothern Lights Lavender

    Foran Urbygningen (mot Storplenen)

    • Scabiosa atropurpurea Black Night
    • Ammi majus Snowflake
    • Zinnia elegans Zinderella Peach
    • Cosmos Sweet Kisses
    • Calendula officinalis Neon
    • Salvia farinacea Victoria
    • Hordeum jubatum
    • Setaria italica Lowlander
    • solsikker

    Speilbed

    • Echeveria elegans 520
    • Santolina chamaecyparissus
    • Dahlia Dalina Maxi Lopez
    • Euphorbia Diamond Frost
    • Begonia Freiland Peardrops
    • Sutera cordata ´Snowflake

    Krukker

    • Burn
    • Pennicetum setaceum ‘Rubrum’
    • Rudbeckia ‘Sahara’
    • Tagetes ‘Strawberry’
    • Althernantera
    • Petunia ‘Cascadias Indian Summer’
    • Coleus Wizard ‘Sunset’
    • Bidens Beedance Painted Red
    • Cold
    • Althernantera
    • Euphorbia ‘Diamond Frost’
    • Dichondra ‘Silver Falls’