Innlegg: Norge må endre eller seie opp den skadelege skatteavtalen med Sveits

Av Annette Alstadsæter

Skatteavtalen med Sveits
Foto: shutterstock

«Ein ny internasjonal skattekonkurranse er i full gang, nemleg kampen om folka. Sveits har utmerka seg som ein favorittdestinasjon for rike som vil sleppe unna skatt», skriver Skatteforsks leder Annette Alstadsæter.

I en kronikk i Dagens Næringsliv skrev Alstadsæter om hvordan bilaterale skatteavtaler Norge har med andre land blir utnyttet av disse og tillate enkeltpersoner å flytte skatteregnskapet sitt. Følgende er noen utdrag fra krokkikken:

Mange land har spesialreglar for å tiltrekke seg utlendingar, med gunstig skattlegging av til dømes pensjonistar og fotballspelarar. Forskarar ved EU Tax Observatory analyserte i 2021 heile 28 slike særskatteregime innan EU og anslo at dette omfatta over 200.000 personar.

Skattetapet i vertslanda vart berekna til rundt 50 milliardar kroner, utan at dei tok hensyn til det som heimlandet tapte. Her er ikkje den sveitsiske ordninga som har blitt så populær blant rike nordmenn med i oversikten.

I Norge, og mange andre land, følger skatteplikt bustad, uavhengig av statsborgarskap. Alle som er skattemessig busette i Norge skal skatte til Norge for all inntekt og formue frå heile verda. Alle som bur, jobbar eller driv næringsverksemd i Norge nyt godt av offentlege tenester, sikkerheitsnett, idrettslag, og infrastruktur.

Reglane seier at dersom ein person har budd minst ti år i Norge, så er ein rekna som skattemessig busett i tre år etter utflytting og må då framleis skatte til Norge. Men dette verkar jo rart inn i den store Sveits-utflyttar-straumen vi har sett blant dei rike i det siste, for det er vel ikkje nokon grunn til å flytte når man likevel må betale skatt til Norge i fleire år?

Forklaringa er at ikkje alt er som det ser ut som, ei heller i skattereglane. For inn frå sida susar skatteavtalane. Dei generelle reglane for utflytting gjeld kun dersom ikkje anna er spesifisert i kvar enkelt konkrete skatteavtale med andre land, så i praksis kun med land Norge ikkje har avtale med.

Avtalen med Sveits er ei gåvepakke til alle som vil sno seg unna skatten sin. Dei som flyttar til Sveits blir skattepliktige til Sveits frå første dag etter flytting, så lenge ein ikkje eig bustad i Norge. Mediene har rapportert om utflyttarar som har gitt bort hus i Norge, formodentlig for å bli skattepliktige til Sveits frå første dag.

Slik kan vi ikkje ha det. Det kan ikkje vere slik at ein skatteavtale mellom to land likevel ukritisk skal gjelde dersom den eine parten seinare kynisk spekulerer i å utnytte dette til eiga vinning.

Finansdepartementet må tette flytte-smutthullet i avtalen med Sveits slik at treårsregelen også gjeld ved flytting dit, for både inntekt og formue, og det må skje raskt.

Les hele kronnikken her.

Publisert - Oppdatert

Del på