Folkehelse, sosial berekraft og innovasjon

Glade mennesker, tre generasjoner
Glade mennesker, tre generasjonerFoto: Media Akaime

Eit sosialt berekraftig samfunn handlar om å skapa eit samfunn prega av tillit, tryggheit og tilhøyrsel. 

Dette inneberer også ei rettferdig fordeling av gode som arbeid, utdanning og gode nærmiljø. Kort sagt kan eit sosialt berekraftig nærmiljø beskrivast som ein stad der menneske ønskjer å bo, no og i framtida.

Sosial berekraft = Eit mål og eit vilkår for berekraftig utvikling

For å oppnå sosialt berekraftige samfunn må ein ha kunnskap om menneska sine behov, korleis fysiske omgjevnadar og psykososiale faktorar påverkar menneska sine liv, og korleis samfunnsstrukturar påverkar moglegheitene til ei rettferdig fordeling av gode og tenester.

Ved Institutt for folkehelsevitenskap (FOHE) forskar dei på nettopp desse faktorane og korleis ein sikrar eit sosialt berekraftig samfunn.

 – Sosial berekraft er eit mål i seg sjølv. Vi såg for eksempel kor viktig tillit til kvarandre og til offentlege myndigheiter var for å delta i vaksinering under korona epidemien. Men sosial berekraft er òg ein føresetnad for å nå mål innan det grøne skiftet og på same tid ein garantist for økonomisk berekraft. Viss ikkje menneskjene fungerer saman og har det bra, er det vanskeleg å få til endringar, seier professor og instituttleiar Camilla Ihlebæk ved Institutt for folkehelse (FOHE).

Camilla Ihlebæk er instituttleder ved Institutt for folkehelse
Camilla Ihlebæk er instituttleder ved Institutt for folkehelse Foto: Andrea Totland

På tvers av sektorar

 I 2012  fekk vi ny folkehelselov her til lands. Den løfta ansvaret for folkehelse ut av helsesektoren, og i over ti år har kommunedirektøren og ikkje kommunelegen, vore ansvarleg for folkehelsa. Dette vart gjort fordi faktorane som påverkar menneska si helse og livskvalitet i stor grad ligg utafor helsesektoren. Erfaringa var at ein måtte jobba på tvers av sektorar for å oppnå god folkehelse og eit sosialt berekraftig samfunn der alle kan ha det bra.

Professoren kan fortelja at lovverket for ein tverrsektoriell tilnærming ligg der – men det viser seg i praksis at det er vanskeleg å få til.

–  I forvaltinga ser ein ofte ‘silotenking’ der kvar sektor jobbar med eigne mål. Det er ikkje så rart, fordi det er slik det alltid har vorte gjort og det er lettare å jobba i lag med folk med same kompetanse som deg sjølv. Det ser ein jo her på campus òg, det er tyngre å jobba på tvers av fakulteta. Men skal vi skapa sosial berekraft må vi finna nye løysingar for korleis ein kan arbeida på tvers av alle sektorar i  kommunen og i samarbeid med befolkninga, frivilligheita og det private næringsliv. Det er her innovasjon kommer inn i bildet.

Samskaping som innovasjon

Innovasjon treng slett ikkje berre handla om spektakulære tekniske nyvinningar. Professor Camilla Ihlebæk meiner innovasjon også handlar om nye måtar å drifta samfunnet på.

Samskaping er ein slik ny og innovativ måte å jobba på. Samskaping går føre seg der offentlege organisasjonar utviklar og produserer velferd saman med innbyggjarar og andre aktørar. Ved FOHE forskar dei på dette mellom anna i prosjektet «Samskaping av aktive møteplasser». Prosjektet følgjer seks kommunar på Austlandet som samskapar møteplassar for fysisk og sosial aktivitet i nærmiljøet saman med TVERGA (ressurssenteret for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet i Noreg) og  Asplan Viak .

Sjå film om prosjektet "Samskaping av aktive møteplasser" (youtube.com)

FOHE si rolle er  å forska på samarbeidet, sjølve samskapingsprosessane, men òg korleis det går i etterkant av etableringa.

Møteplassar og sosial berekraft

– Vi skal undersøkja bruken av møteplassane. Møteplassar er svært viktige for å byggja sosiale relasjonar, tillit, tryggheit og tilhøyrsel, altså sosial berekraft. Men kor ofte vert dei bruka? Kven brukar møteplassane?, seier Ihlebæk. Nærmiljøet totalt sett, vert det betre? Fører møteplassane til betre helse og livskvalitet? Håpet er at denne forskinga kan gje nyttig kunnskap som kan takast i bruk i alle landets kommunar.

Lenke til prosjektsida

Eit anna og spannande prosjekt der FOHE er involvert er etableringa av en «Folkehelselab» i Viken fylkeskommune.

Her kan du lesa meir om Folkehelselabben (viken.no)

Dette er ein arena der fylkeskommunen, kommunane og regionale forskingsinstitusjonar møtest og målet er å verta kjende med kvarandre og samarbeida om innovative folkehelseløysingar. Ihlebæk fortel vidare:

– Forskarane og forvaltarane skal ha ein likeverdig arena. Forvaltarane har førstehandskunnskap om korleis folk har det og dei kan melda inn sine behov og gode forskingsområde. Vi kan formidla det nyaste innan forskinga. Delinga av erfaringar på tvers skapar nye prosjekt, nye tilnærmingar og nye løysingar.

Studentane våre gjer ein forskjell ute i samfunnet

Professoren og instituttleiaren er optimist på vegne av framtida.

– Den kanskje viktigaste forutsetninga for å skapa eit samfunn som er sosialt berekraftig og der ein jobbar på nye måtar med folkehelse på tvers, er studentane vi utdannar. Sidan oppstart har meir enn 300 kandidatar vorte uteksaminerte med master i folkehelsevitskap. Studentane våre får jobb i kommunane som folkehelsekoordinatorar eller rådgjevarar innan miljøretta helsevern eller samfunnsplanlegging. Fleire får òg jobb på andre forvaltingsnivå, i universitets – og høgskulesektor, i frivillige eller ideelle organisasjonar, og i privat sektor. Desse studentane har gode forutsetningar for å arbeida for ei berekraftig framtid.

Fakta om Institutt for folkehelsevitenskap:

  • I 2005 vedtok universitetsstyret ei satsing på helse, kalla Helse UMB. Det vart etablert tre forskargrupper, der forskargruppa for Natur, livskvalitet og helse var ei av desse. Forskargruppa starta i 2007 opp eit to-årig masterprogram i Folkehelsevitskap.
  • Etter kvart vart forskargruppa samorganisert til Seksjon for folkehelsevitskap, og i 2014 vart Institutt for folkehelsevitskap (FOHE) etablert på LANDSAM.
  • FOHE består i dag av ti fast ansatte og seks midlertidig ansatte. Forskinga dreier seg i hovudsak om korleis skapa helsefremmande nærmiljø, korleis sjukdom kan førebyggast i befolkninga, og å sjå på korleis strukturelle, fysiske og sosiale faktorar påverkar helse og livskvalitet.
  • FOHE’s ansatte er aktive og synlege i folkehelsemiljøet både nasjonalt og internasjonalt og leiar for tida det nasjonale nettverket for alle utdanningar innan folkehelse og helsefremmande arbeid, og har styreverv i WHO’s Region for Health Network (RHN).

Les meir om forskingsprosjekta til FOHE

Publisert - Oppdatert

Del på