Institutt for sports- og familiedyrmedisin

Sportfamed:

Institutt for sports- og familiedyrmedisin


Institutt for sports- og familiedyrmedisin er fremst i landet innan dei fleste av våre fagområde. Vi gir våre pasientar tilgang til eksepsjonell ekspertise og avansert utstyr.

I tillegg til undervisning og undersøking og behandling av sjuke dyr ved Dyresjukehuset, har vi mange interessante og viktige forskingsprosjekt.

Om Sportfamed

Målet med vår forsking er å sikre dyra best mogleg diagnostikk og behandling. Enkelte forskingsprosjekt kan også vere viktige for forståinga av sjukdomstilstandar hos menneske.

Instituttet sine tilsette bidreg til gjennomføring av mange etter- og vidareutdanningskurs. Instituttet har vaktordningar som sikrar at det er akuttveterinærar, kirurgar, anestesipersonell og dyrepleiarar tilgjengelege til ei kvar tid heile året. I tillegg til undervisning av veterinær- og dyrepleiarstudentar, utdannar vi interns og spesialistkandidatar.

Instituttet tek imot sjuke dyr frå heile landet på Veterinærhøgskulen Dyresjukehuset. Høg kompetanse og avansert utstyr sikrar pasientane optimal behandling.

Dyresjukehuset er sentralt for vår studentundervisning, og det er det einaste undervisnings-dyresjukehuset i Noreg. Dei tilsette har mange års erfaring og vidareutdanning innan sine fagområde, og mange har også internasjonal spesialistutdanning.

  • Familiedyr

    Ved instituttets Dyresjukehuset - smådyr er det svært godt kvalifiserte veterinærar innan kirurgi, akuttmedisin og onkologi. Vi har internasjonale spesialistar innan indremedisin, nevrologi, augesjukdomar, anestesi, hudsjukdomar, rehabilitering samt drektigheits-, fødsels- og spedyrsjukdomar.

    Dei fleste forskingsprosjekta omhandlar nevrologiske sjukdomar, kreft, skjelettsjukdomar og urinvegssjukdomar.

    Våre dyrepleiarar assisterer ved undersøking og behandling, og sikrar dyra godt stell og omsorgsfull pleie. Fleire av dyrepleiarane har tilleggsutdanning innan ulike fagfelt som rehabilitering, anestesi, kirurgisk assistanse, intensivbehandling, ernæring og odontologi.

  • Hestar

    Dyresjukehuset - hest er i ei særstilling i landet ved å ha spesialistutdanna kirurgar, indremedisinarar og anestesiologar. Fem av våre sju tilsette har internasjonalt godkjent spesialistutdanning.

    Forskingsprosjekta omhandlar i hovudsak skjelettlidingar, tarmsjukdomar, luftvegsplager, nevrologi og smertebehandling.

    Dyrepleiarane assisterer ved undersøking og behandling, og sørgjer for godt stell av alle pasientane.

  • Avansert utstyr

    Instituttet har digitalt røntgen, computertomograf (CT), ultralyd og scintigrafiutstyr. Det er ei eiga avdeling for kritisk sjuke dyr, med avansert overvåkings- og behandlingsutstyr.

    Av anna utstyr kan nemnast operasjonsmikroskop, moderne anestesiapparat med ventilatorar og overvåkingsutstyr, endoskop til luftvegsundersøking av hestar under belastning med og utan tredemølle, m.m.

  • Utdanning

    Vi utdannar veterinærar og dyrepleiarar. I tillegg utdannar vi internasjonale spesialistar innan fleire fagområde, og bidreg til utdanning av nasjonale spesialistar.

  • Leinga og tilsette ved Sportfamed
Kirurger i operasjonssalen

DYRESJUKEHUSET

Veterinærhøgskolens dyresjukehus for smådyr og hest tar imot sjuke dyr frå heile landet. Høg kompetanse og avansert utstyr sikrar pasientane ved Dyresjukehuset - hest og Dyresjukehuset - smådyr optimal behandling.

Vi har nokre av landets fremste ekspertar innan veterinærmedisin og tar imot tilvisingar innan ei rekkje fagområde.

Nyheiter frå Sportfamed

Alle nyheiter frå instituttet