Ineffektive effektiviseringskutt

Av Annette Alstadsæter

   Studenteksamen
StudenteksamenFoto: Shutterstock

Offentleg sektor skal effektivisere, men utan å kunne kutte i lovpålagd byråkrati. Til dømes kostar doble eksamenssett i universitetssektoren grovt rekna 40 millionar i året.

I ei pressemelding frå Finansdepartementet oktober 2014 skildrast den såkalla avbyråkratiserings- og effektiviseringsreformen i offentleg sektor: «Reformen innebærer at deler av gevinstene fra mindre byråkrati og mer effektiv bruk av pengene tilbakeføres til fellesskapet gjennom de årlige budsjettene. Den årlige overføringen settes til 0,5 prosent av alle driftsutgifter som bevilges over statsbudsjettet.» Kutta har blitt enda høgare enn dette, og i realiteten er dette årlege kutt i grunnbevillingane.

Det er i offentleg sektor klare behov og rom for effektivisering. Det må kome som resultat av ein strukturell prosess, med gjennomgang av oppgåver og rutinar og spørje kva som er nødvendig, kva som bringer verdi, kva ein kan gjera på andre måtar eller kutte ut, og kva ein bør gjere meir av framover.

Men offentleg sektor er lovpålagd mange byråkratiske oppgåver som ikkje kan kuttast uavhengig om dei bringer verdi eller ikkje. Ressurskutt utan kutt i eksisterande krav til byråkrati vil då kunne gå ut over kvaliteten på tenestene.

Før jul sat titusenvis av studentar i eksamenslokale rundt om i landet og skulle vise kva dei hadde lært i løpet av semesteret. Kravet om at norskspråkleg eksamen skal gjevast på båe målformer er eitt døme på ressurssløsande byråkratiske krav som universitetssektoren ikkje har høve til å effektivisere bort pga. stivbeint regelverk.

Ifølge lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) skal norskspråklege eksamensoppgåver som hovudregel tilbydast på båe målformer. Det finst unntak som opnar for kun ei målform dersom alle studentane er registrerte med den målforma. Midt i ein pressa arbeidskvardag skal forelesarar og administrasjon bruke tid og krefter på tullball: å omsetje eksamensoppgåver.

Ringerundar til dei største utdanningsinstitusjonane avslører at ingen ser ut til å ha oversikt over kva det kostar å tilby eksamen på båe målformer.

Utdanningsdepartementet kunne heller ikkje presentere nokon oversikt på verken antal eksamenar gitt på båe målformer eller kostnadene ved dette.

Basert på tal levert av Norsk Senter for Forskningsdata (NSD) kan vi gjere eit grovt estimat på kostnadene ved å tilby eksamenar på båe målformer ved dei høgare utdanningsinstitusjonane.

I 2016 vart det arrangert 33.000 eksamenar i emner med norsk undervisningsspråk (ekskl. språkstudier), og vi antar at 90 prosent gjevast på båe målformer. Anta så at alle emneansvarlige sjølv står for omsetjinga, og at kvar omsetjing tar to timar, samt at det å administrere/kopiere opp to sett av kvar eksamen genererer ein halv time ekstraarbeid i administrasjonen per eksamenssett. Ved å bruke gjennomsnittleg timeløn for fagleg og administrative tilsette ved min egen institusjon får vi då at årlege ekstrakostnader ved eksamsoppgåver på to målformer er 40 millionar kroner.

Kva får ein så for desse millionane?

Tja, det er ikkje godt å seie. Ein skal vere temmeleg idealistisk for å hevde at det at ein student får oppgåvesettet på «søk-og-erstatt»-omsett nynorsk på sjølve eksamensdagen er det som reddar framtida til nynorsken, all den tid pensum er på bokmål eller engelsk, bokmål eller engelsk blir brukt i undervisninga og faguttrykka stort sett er på bokmål eller engelsk.

Det er krav om eksamen på båe målformer, men ikkje om godt språk i omsetjingane.

Som nynorskspråkleg student valde eg eksamenssett på bokmål. Det fordi eg ofte ikkje var heilt sikker på kva det vart spurt om i nynorsksettet og måtte då uansett dobbelsjekke mot bokmål for å vere sikker på at eg hadde forstått den omsette oppgåva riktig.

Det ville vere meir hensiktsmessig og i tråd med intensjonen bak mållova at ein i staden krever at 25% av alle eksamenar blir utforma og gitt på nynorsk, slik kravet er for anna eksternt retta skriftleg kommunikasjon.

Det vil fremje nynorsk som levande bruksspråk og samtidig kunne føre til ei effektivisering på 40 millionar kroner i året.

Dersom det er slik at studentar etter mange år med sidemål på grunn- og vidaregåande skule ikkje kan forstå ei eksamensoppgåve gitt på sidemålet sitt, har heile språkpolitikken spelt fallitt. Det er då sløsing av skuleelevanes tid og krefter å tvinge dei til å jobbe med noko som dei uansett ikkje blir forventa å skulle bruke, og då bør sidemålet også gjennomgå eit effektivitetskutt i skulen. Men det er ein annan diskusjon.

Denne teksten blei også publisert som gjestekommentar - samfunn på side 4 papirutgaven av Dagens Næringsliv larudag 20.januar 2018.

Publisert - Oppdatert

Del på