Ny forskrift overkjører vitenskapelig fundert forvaltning, skriver NMBU-forskere i kronikk.
"Den norske forskrifta om økologisk akvakulturproduksjon og merking av økologiske akvakulturprodukter, har vore ute på høyring. Dette dreier seg mellom anna om økologisk fiskeoppdrett. Forskrifta er ei tilpasning til EUs regelverk.
"Paragraf 40, veterinærbehandling, har reist debatt og tenners gnissel. Her anbefaler dei nemleg homeopati som førstevalg i behandling av sjukdom," skriver Eystein Skjerve, professor ved NMBU Veterinærhøgskolen, og veterinær Anne Viken, som er ansatt på prosjekt hos Skjerve, i Aftenposten i dag.
"Det er lett å harselere med, men paragrafen er i grunn ingenting å le av. Paragraf 40 a) har nemleg lite med medisin, smittebekjempelse eller dyrevelferd å gjere. Ved å anbefale homeopati som førstevalg, får økologisk akvakultur ein regel som skil dei frå konvensjonell, eller «vanleg, ikkje-økologisk akvakultur».
"Paragrafen er der for å skape eit brand, eller ei merkevare, som skil økologisk frå ikkje-økologisk akvakultur. Vitenskapen har vike for merkevarebygging," fortsetter de.